Tiltak i sjø

Tiltak i sjø som kan påverke tryggleiken eller tilflot (framkomelegheit) i eit sjøområde krev godkjenning, jamfør hamne- og farvasslova §14.

Døme på dette er bygging, graving, mudring, utfylling, utlegging av sjøkabel, utlegging av flytebrygger, utlegging av bøyer, båtrace og liknande arrangement i strandsona eller liknande. Tiltaket kan vere enten midlertidig eller permanent. Dersom du er i tvil om du skal søke er det berre å ta kontakt med oss.

Florø hamn KF sakshandsamar etter hamne- og farvasslova på vegne av alle kommunane i Alden hamneområde; Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (sør for Bremanger) og Sunnfjord kommune.

Bruk postmottak i den enkelte kommune til å sende inn søknad. Då er du sikker på at søknaden vert handsama i dei rette instansane (til dømes planavdelinga) og du får eit samla svar tilbake.

 

Kva bør søknaden innehalde? 

  • Tiltakshaver/ansvarleg søkar: Opplyst tiltakshaver og ansvarleg søkar inkludert kontaktinformasjon og org.nummer /personnummer.
  • Kommune og gbnr der tiltaket skal utførast.
  • Skildring av tiltaket det vert søkt om med mål og dimensjonar, inkludert informasjon om merking, fortøyning, plassering av landgang m.m. (Tips: Bruk gjerne kystinfo.no for å finne denne informasjonen)
    • Dette inkluderer eit sjøkartutsnitt i målestokk 1:1000 eller 1:500 som syner korleis tiltaket er plassert i farvatnet og dei nærliggande områda. Dette inkluderer kaier, brygger og naboeigensommar.
    • Alle posisjonar må vere oppgitt i WGS 84.
    • For større konstruksjonar, som til dømes moloar og større anlegg må det leggjast ved teikningar som syner grunnplan, byggemåte (inkl naudsynte snitt), dimensjoner, botn- og djupneforhold, samt fundamentering.
    • Skildring om tiltaket er mellombels eller permanent.
  • Dokumentasjon på om tiltaket er i samsvar med vedtatte arealplanar, eller om kommunen har gitt disp frå desse.
  • Fakturamottakar med adresse.
  • Arrangement i strandsona bør legge ved ein plan på korleis dei handterer tryggleiken både til arrangementet og andre farty i området, inkludert vakttelefon under heile arrangementet.
  • Anna relevant informasjon

 

Sakshandsamingsgebyr

Alden hamneområde har vedteke føresegner om sakshandsamingsgebyr etter Lov om hamner og farvatn for tiltak som skal handsamast etter søknad. 

Enkle saker:  Saker med god og tydeleg informasjon med rask avklaring. Krev opptil tre arbeidstimar. 

Større saker: Saker som krev ytterlegare handsaming pga kompleksitet, saker som er mangelfulle der informasjon må etterlysast, saker som krev synfaring. Krev over tre arbeidstimar. 

Oversikt over sakshandsamingsgebyr finn du her: https://florohamn.no/floro-hamn/avgiftsregulativ/

 

Nyttige hjelpemiddel for å utarbeide søknad

Kystverket har utvikla eit godt kartsystem som heiter kystinfo.no. Her kan ein velje temalag og dermed finne grenser for hovud- og bilei, fiskeriplasser, eigendomsgrenser med gards- og bruksnummer, ankringsområder, kartkoordinatar og mykje meir. Ein kan også veksle mellom sjøkart, ECDIS-kart, satelittfoto, basiskart og fleire løysingar for kart. Dette er til god hjelp når ein skal utarbeide ein søknad om tiltak i sjø.

Ein kan også nytte dette notatet som ei sjekkliste på at ein har fått med seg dei viktigste punkta i ein søknad om tiltak i sjø.

 

Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming av søknad om tillatelse etter lov om hamner og farvann