Septemberbrevet 2019

av

Dette er fjerde utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Målet er å gje ein kort status om noko av det som skjer i hamna, som eit supplement til brukarmøtene våre. Innhaldet vil variere, men om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å gje oss ei tilbakemelding på hamn@flora.kommune.no.

Enova og landstraum
27 juni kom nyheita om at Flora hamn KF får støtte av Enova til to landstraumprosjekt; på kai G på Botnastranda og på Fugleskjærkaia. Det var veldig gledelig å vere to av ti prosjekt som fekk tildelt støtte, då vi veit det var stor konkurranse. Sjølv med støtte frå Enova inneberer bygging av landstraum ein betydeleg investering mtp eigarandel, og på ei kai som Fugleskjærkaia med kortare anløp og mindre båtar som ikkje kvalifiserer for Enova-støtte vert den eigenandelen større enn til dømes på kai G. Dette må vektast opp mot andre investeringar, kva skal ein prioritere først, og kva får ein igjen av miljøgevinst, lønnsomhet, redusert støyproblematikk m.m. Hamnestyret har no gjort vedtak om bygging av landstraumanlegg på kai G, også skal Fugleskjærkaiprosjektet vurderast på kommande hamnestyremøte 14 oktober.

Kai D på Fugleskjærkaia og redusert bæreemne
Apropos investeringar har redusert bæreemne på kai D rokkert ved investeringsplanen vår. Der er, som tidlegare informert om, dei kortsiktige tiltaka på plass. No jobbar vi med dei langsiktige og prosjektering av rehabilitering. Dette vil truleg pågå parallelt med at vi riv og bygger ny kollektivterminal, så det vil vere mykje aktivitet på Fugleskjærkaia samtidig sjølv om prosjekta er uavhengige av kvarandre. God planlegging og tryggleiken i fokus vil vere essensielt for å sikre drifta undervegs. Her kjem vi med meir info når vi har noko meir å melde:

Oppdaterte heimesider
Florahamn.no er under kontinuerleg forbetring, og no har vi endeleg fått på plass prisregulativet på engelsk. Den siste veka har vi i tillegg lansert ein oppgradert versjon av kaiinformasjonen vår. No finn de dronebilder av samtlege kaier som Flora hamn KF eig, delt opp etter område, samt oversiktskart. Desse sidene har i tillegg informasjon om avstand mellom pullertar, straumtilkopling m.m. og alt kan skrivast ut på papir eller lagrast som PDF om ein ønskjer å ha det tilgjengelig utanom når ein er på nett. Det neste blir å få også denne informasjonen på engelsk. For å ha god og tilgjengelig informasjon tilgjengeleg er vi avhengig av tilbakemeldingar. Er det noko de saknar eller vil ha meir av, send oss ein e-post.

Bygging av ny kollektivterminal
Tidlegare denne månaden måtte vi dessverre gje beskjed om at samtlege tilbod på bygging av ny kollektivterminal måtte avvisast. Avgjersla vart fatta på grunnlag av ei grundig vurdering, og det var innhenta juridisk bistand med spesialkompetasne på anskaffelsesregelverket. Flora hamn KF er pliktig til å gjennomføre konkurransar i samsvar med regelverket, og hadde ikkje anna val enn å avvise tilboda.
Byggeprosjektet vil likevel bli gjennomført, det vil bli ny kollektivterminal på Fugleskjærkaia. Vi vil kunngjere ny konkurranse så snart som råd. I neste konkurranse vil vi forenkle kvalifikasjons- og dokumentasjonskrava, basert på den erfaringa vi gjorde oss i aktuelle konkurranse. Utover dette vil vi i all hovudsak basere konkurransen på same konkurransegrunnlag, med tanke på verdien av gjenbruk av det arbeidet tilbyderane allereie har nedlagt i aktuelle tilbod.

Fiskerikaia i Hesteneset
No er endeleg nye pullertar, straum og vatn på plass. Tekniske detaljar finn de her: https://florahamn.no/floro-hamn/hamner/fiskerikai-hesteneset/. Vidare no vert å utvikle bakarealet, og som vi oppfordra til brukarmøtet i juni er det å ta kontakt om ein er interessert i leige eller andre fiskerirelaterte aktivitetar.

Dette var eit kort innblikk i noko av det vi jobbar med for tida. Det er sjølvsagt mykje anna spanande som skjer også, og vi prøver å dele litt både på facebooksida vår og på heimesida.

Ønskjer alle ein riktig fin haust!

Florø, 23.09.19
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef.