Rehabilitering av kai D/hurtigrutekaia, Fugleskjærkaia

av

Kai D på Fugleskjærkaia har fram til no (29 jan 2020) lagt ute i KGV/Doffin for rehabilitering med katodisk beskyttelse. Som fylgje av at det under synfaringa i førre veke vart avdekka meir skader på dekke, skjørt og bjelkar enn det som kjem fram av forprosjektrapporten til Sweco (forverring), vart utlysinga i dag avlyst. Forprosjektrapporten må no reviderast mtp tilstand og metode, og konkurransegrunnlaget tilpassast revidert rapport. Ny utlysing vil komme så snart som råd.

Dei midlertidige tiltaka/restriksjonane som er gjennomført er uendra og gjeld framleis. Dei praktiske konsekvensane er at rehabiliteringa vil verte forseinka og gjerne vere av eit anna omfang. Det er også usikkert om ein kan oppretthalde dagleg drift når kaia vert rehabilitert. Oppdatering kjem når vi har meir informasjon.