Marsbrevet 2019

av

MARSBREVET 2019

 

Her kjem utgåve nummer to av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Målet er å gje ein kort staus om noko av det som skjer i hamna, som eit supplement til brukarmøtene våre. Innhaldet vil variere, men om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å gje oss ei tilbakemelding.

 

Kollektivterminalen og nytt kontorbygg på Fugleskjærkaia
Dei som føljer oss på facebook har fått med seg at no er byggeprosjektet lyst ut på Doffin. Doffin er den nasjonale kunngjeringsbasen for offentlege anskaffingar. Dette vart gjort 13 mars og den 25 mars var det tilsynsbefaring på Fugleskjærkaia. Der var det godt oppmøte, og det kom mange viktige spørsmål både rundt BREEAM (miljøsertifiseringa av bygget), ISPS og dagleg drift. Alle spørsmål vil bli gått igjennom og bli svart på i det offisielle anskaffingssystemet. Vi er framleis i rute med byggeprosjektet. Det er lagt opp til ein totalentreprise med ein samspelsfase. Ved ein samspelsfase er målet at detaljane er samkøyrt og gjennomarbeida godt i forkant. Dette for å få ein effektiv byggeperiode der dagleg drift vert hindra minst mogleg, samt at den endelege løysinga er så optimal og gjennomtenkt som det er mogleg å få.

 

Miljøsertifiseringa (BREEAM) er noko som har skapt godt engasjement og mange andre er nysgjerrig på. Det er i dag ingen andre bygg i Sogn og Fjordande som er BREEAM-sertifisert, og sjølv om vi ved nyåret går inn i Vestland fylke vil bygget framleis vere det første i nærområdet. Det har skapt godt engasjement både innad i kommunen, men no også på tvers av kommunegrensene. Prosjektleiar Andrea var no i mars på klimanettverkssamlinga til kommunane i Sunnfjord og informerte om BREEAM og fordelane med dette.

 

Sjølv om prosjektet no er utlyst på Doffin med frist i starten av juni kviler vi ikkje på lauvbæra. Her er framleis mykje som står att. Eit døme på dette er parkering og køyremønster. Dagens Fugleskjærkaia legg ikkje opp til gode og trygge løysingar, og det er dagleg feilparkeringar og situasjonar som ikkje er heldige med tanke på tryggleiken til dei reisande. Vi ser at når den nye kollektivterminalen kjem vert det ikkje lett å snu dei vanene rundt med ein gong, og vi prøver difor å vere litt i forkant. Det vil frå midten av april bli innført strengare parkeringsrestriksjonar på området og tettare oppfølging av dette for å vere i forkant av det som skal skje her nede på kaia – med 18 månaders byggeperiode og nye køyremønster når prosjektet er ferdig. Det vil bli informert om dei nye parkeringsrestriksjonane i forkant av innføringa, slik at det ikkje kjem som ei overrasking. Her er det tett samarbeid mellom prosjektleiar og Flora parkering.

 

Kaidekket på hurtigrutekaia, Fugleskjæret
Inspeksjon av kai D (Hurtigrutekaia) har avdekka svakhet i lastebæreemna på deler av kaidekket. Det vart difor innført restriksjonar på kaia gjeldane frå fredag 08.03. Dette gjaldt restriksjonar på køyremønster og kor det ein kan laste og losse. Første veka måtte ligge Hurtigruta ligge lengre aust enn vanleg, noko som medførte ein del logistikkutfordringar. Etter skadeomfanget på kaidekket vart ytterlegare nyansert og avgrensa, kunne vi opne opp att for bruk av kai D for Hurtigruta. Dette vart gjort i tett samarbeid med kaioperatør K. Jansen, som har fått klare retningslinjer for korleis Hurtigruta skal posisjonerast for å unngå det skada området. Dette er også merka opp og/eller inngjerda. K. Jansen har vert tett på og løysningsorientert heile vegen, og utan det tette samarbeidet frå deira sida hadde vi ikkje kunne løyst det så smidig som vi fekk til. Vi har også tre dyktige karer på drift internt som har jobba overtid og følgt opp tett. Godt jobba!

 

Då vi no har på plass dei kortsiktige løysingane, er det dei langsiktige løysingane som no må på plass. Sweco har utarbeida ein rapport med ulike løysingsforslag, som inkluderer økonomi, estimert levetid på kai, og praktiske konsekvensar for dagleg bruk. Rapporten inkluderer nokre tilrådingar som hamnestyret støtter opp om, men då dette er noko som går ut over vedtatte investeringsrammer må vi til eigarane våre – bystyret i Flora kommune – for å få godkjenning. Dette heng også saman med kva vi skal bruke kaia til framover, og det er det hamneplanen som setter føringar for.

 

Hamneplan
Hamnestyret vedtok i januar eit utkast til hamneplan for Florø, som no er ute på høyring. Vi har fått god hjelp av A til Å med å lage ein oversiktleg hamneplan som skal vere lett å lese. Det er allereie komt inn fleire gode høyringsinnspel, og når høyringsfristen går ut 09. april må hamnestyret ta ein ny runde på innspela før hamneplanen vert sendt til bystyret for endeleg godkjenning. Hamneplanen i sin heilhet kan du lese på heimesidene våre.

 

Fiskerikaia – løysingar for pullertar og straum
No er endeleg veg til fiskerikaia på plass. Vi kom til ei god vegløysing saman med Florø Tank og Maskin med tilkomst frå vest. No på slutten av marsmånaden har vi også på plass vasstilkopling, og det neste som vil komme i april/mai er to nye pullerter inne på kaia – for sikrare fortøying i dårleg vêr. Arbeidet med straumtilførsel til båtane på kaia er også starta på, det håpar vi å ha på plass innan juni månad.
Arbeidet vidare vert no å utvikle bakarealet. På brukarmøtet i desember åpna vi for å melde interesse om behov for lagerbygg/areal. Dette vert bygd ved nok bindande interesse (sjølvfinansierande), og vi er også positiv til andre ønskjer – som til dømes flytebrygge.

 

Landstraum
Driftsleiaren vår har dei siste månadane jobba mykje med landstraum på eksisterande og nye kaier. Som vi skreiv i desemberbrevet søkte vi ikkje på ENOVA- midler til landstraum i fjor haust, men denne gang er vi med. 29 mars går søknadsfristen ut og vi har søkt for Fugleskjærkaia og kai G på Botnastranda. Særleg for Fugleskjærkaia slit vi å komme innafor krava, då mange farty er små og ligg kort, og difor ikkje tel med i statistikken som gir grunnlag for støtte. Vi har difor jobba ekstra med ei løysing som kan ligge innafor rammene, og samtidig vere god nok. Denne runden er også venta å ha mange søkarar, då ENOVA har signalisert at dette er siste søknadsrunde i denne omgang og i denne form. Vi meiner likevel at vi har ein god søknad, som vi har fått ekstern hjelp til å utforme, og kryssar fingrane for at vi er med heile vegen.

 

Dette var eit lite innblikk i nokre av sakene vi jobbar med.
Ha ein riktig fin vår!

 

Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef