Korleis jobbar Florø hamn med coronasituasjonen

av

Oppdatert 22.03.2020:

Dei lokale karantenereglane er no oppheva. Dei nasjonale føringane, samt vedtaka frå Vest politidistrikt står framleis ved lag.

 

 

 

Oppdatert 15.03.2020, kl 1700

Per no gjeld følgjande restriksjonar,

———————————————————————————————————-

INFORMASJON TIL REISANDE FRÅ KINN KOMMUNE VED ORDFØRAR:

Det er i dag 15.3. gjort følgande vedtak i Kinn kommune:

Alle som har vore i kommunar utanom gamle Sogn og Fjordane fylke etter 12.3. må vere i heimekarantene i 14 dagar.

Dette betyr at alle reisande som kjem med Hurtigruten til Måløy eller Florø no skal rett i karantene.

Dette betyr at alle som kjem med Norled si rute Bergen-Selje og går på båten før Gulen kommune, skal rett i karantene.

Busspassasjerar som stig på bussen før fylkesgrensa til Vestland over Stryn og Filefjell/Hemsedal skal i karantene.

Busspassasjerar som kjem på bussen sør for Gulen skal rett i karantene.

Kinn kommune ber om at Hurtigruten, Norled og Norway Bussexpress vil opplyse dei reisande om dette om bord.

Det vil vere utplassert folk frå Røde kors i Måløy og Florø sentrum for å gje ytterlegare informasjon til dei reidande.


Vedtak frå Vest politidistrikt:

Gjelder anløp av fartøy med utenlanske besetningsmedlemmer.

«Det er besluttet landlovnekt i medhold av utlendingsforeskriften § 4-19, 5 ledd idet det foreligger «særlige grunner» (COVID-19-viruset).

Nektelse gjelder alle utenlanske besetningsmedlemmer på alle fartøy innen Vest Politidistrikts ansvarsområde.»

Det er komt nokre spørsmål om kor grensa går, og grensepolitiet/Vest politidistrikt informerer om at det gjeld alle med utanlandsk statsborgarskap


Det vart i tillegg i går varsla om at alle hamnene vert stengt for internasjonal passasjertrafikk frå mandag 16 mars kl 08. Kystverket held på å avklare detaljane rundt dette og vil oppdatere det fortløpande på:

https://www.kystverket.no/…/…/coronaviruset-og-sjotrafikken/

 

 

 

 

Oppdatert 12.03.2020

Mottak av skip

Som offentleg hamn har vi mottaksplikt for farty som ønskjer å legge til kai. Det er helsemyndigheten med kommunelegen i spissen som har mynde til å sette skip i karantene og nekte personar å gå i land. Farty som har mistanke eller påvisste tilfelle av sjukdom eller skade som kan ha betydning for internasjonal folkehelde om bord, skal varsle ifrå om dette til Folkehelseintituttet, Kystverket og kommunelege.

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

https://www.kystverket.no/Nyheter/2020/februar/coronaviruset-og-sjotrafikken/

https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus/anbefalinger-og-beslutninger

www.kinn.kommune.no (link til vakttelefonar)

 

Tryggleik for reisande med båt

Det er auka fokus på reinhald og kritiske overflater, dette inkluderer reinhaldet av venterommet. Vi har utfordringar med å få tak i antibacdispenser til venterommet, pga tomme lager, men jobber med saka. Det er tilgjengeleg såpe og handvask på toaletta. Hurtigruten har innført eigne tiltak for reisande. Info om dette finn de her:

https://www.hurtigruten.no/praktisk-informasjon/koronavirus/

 

Hamnevakt og interne rutiner

Vi har hatt ein full gjennomgang rundt eigne rutiner og har back-up planer rundt hamnevaktfunksjon og prioriterte funksjonar/oppgåver. I tillegg vil all intern reising som ikkje vert strengt naudsynt vert kutta ut inntil vidare.