Florø hamn KF og Sogn og Fjordane Energi elektrifiserer hamna

av

Florø hamn KF og Sogn og Fjordane Energi (SFE) har signert ein intensjonsavtale om elektrifisering av Florø hamn. Sjøfarten står for 67% av klimagassutsleppa i Florø, og sjølv om dette inkluderar sjøgåande skip, vil eit tilbod om landstraum gje eit betydelig kutt i utsleppa. Elektrifisering av hamna vil òg redusere støyforureining i sentrumskjerna i Florø, samt gje båtane eit rimeligare alternativ enn å drifte på hjelpemotorar ved kailigge. Partane ønskjer å samarbeide tettare for å bygge kompetanse, utveksle erfaringar og skape ei betre løysing saman.

Samarbeidet tek utgangspunktet i dei to landstraumprosjekta som Florø hamn KF held på å etablere på Fugleskjærkaia og kai G på Botnastranda, og som Enova støttar. Desse vil partane drifte i eit felles selskap, med høve for ei utviding seinare. Vi er no i tidleg prosjektfase, og har framleis ein veg å gå før alle detaljar er på plass.

Både SFE og Florø hamn er heilt klar på at bærekraft og miljø er ein del av vårt samfunnsoppdrag, og dette samarbeidet vil styrke det grøne skiftet.

 

 

Johannes Rauboti, konsernsjef, SFE

Linda Mortensen Midtbø, hamnesjef, Florø hamn KF