Desemberbrevet 2019

av

Her er årets siste utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. 09 desember arrangerer Flora hamn KF brukarmøte, og nyhetsbreva er meint å vere eit supplement til desse. Innhaldet vil variere, men om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å ta kontakt på hamn@flora.kommune.no.

 

Simulatortest og hamneplan
Flora kommune har ein sentrumsplan som seier at containertrafikken skal vekk frå Fugleskjærkaia. Flora hamn KF jobbar med ein ny hamneplan for området, der lokasjon av framtidig godshamn inkludert containertrafikken er eit sentralt emne. Hamnestyret gjorde ei innstilling som vart sendt på høyring i vår. Den kan ein finne  her. I planen er det peika på to aktuelle områder; Gunhildvågen og Botnastranda, der Botnastranda er primærvalet. I høyringsrunden var det lokasjon av godsterminal som engasjerte mest, med mange gode innspel. Då dette er ei så viktig avgjersle både for næringslivet, hamna og byen, valte hamnestyret å difor nytte lengre tid på konklusjonen ved å gå grundigare igjennom faktagrunnlaget, handlingsrommet og konsekvensane rundt dei ulike alternativa.

Eit av ankepunkta med Gunhildvågen hamneterminal er innseglinga. Det vert peika på at den er trong, vêrutsatt og upåliteleg. Sjølv med tryggleiksmargin vil navigasjon vere meir subjektivt enn til dømes vegtransport, og det vert lett ein diskusjon der ein står ord mot ord, skipper mot skipper. Etter å ha rådført oss med losoldermannen har hamnestyret avgjort å gjennomføre ein simulatortest for å få eit meir nyansert bilete. Der vil vi teste innseglinga til Gunhildvågen med containerskip av storleiken som anløper Fugleskjærkaia regelmessig i dag. Vi ønskjer å teste ulike scenario med alt frå vindstille og flatt hav, til straum- og vindhøve som kan vere ein sein haustdag. Målet er å få eit meir nyansert faktagrunnlag for framtidig lokasjon av godsterminal i Florø, og få betre kunnskap rundt handlingsrommet vårt i Gunhildvågen.

Vi gjorde i haust ein avtale med Simsea Haugesund om gjennomføring av ein slik test. Dei fekk den aktuelle containermodellen levert i midten av november, og held no på med fintesting av båt og område før vi kan sette ein endeleg testdato. Kystverket stillar med lokalkjende losar, og vi har invitert operatørar, vareeigararar og befraktarar til å delta og har fått positiv respons frå dei fleste. Dette inkluderer eit av containerrederia som stiller med lokalkjend skipper.

 

Status på landstraum
Som vi informerte om i septemberbrevet vart Flora hamn KF tildelt midlar for to landstraumsprosjekt; på Fugleskjærkaia og kai G på Botnastranda. Eigenandelen er framleis stor, så det var nokre gode og kontruktive diskusjonar i hamnestyret før begge prosjekta vart landa. 29 november er det frist i Doffin for å legge inn anbod på rådgjevartenester/byggherreombod for begge prosjekta, og vi er spent på resultatet. Uansett, så skal begge prosjekta vere ferdig i desember 2020. Det er fristen frå Enova, og vi gleder oss til det ferdige resultatet som er klart om vel eitt år.

I tillegg fekk vi midlar frå Marint verdiskapingsfond (Sogn og Fjordane fylkeskommune) saman med Evoy, SFE, BKK, Høgskolen på Vestlandet, Marø havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett AS. Midlane skal går til ein forprosjekt for å få på plass verdens første superlader for båter i Florø. Dette er ladarar berekna på mindre farty med lading på opptil 350 kWh, og vil vere eit fint supplement til landstraumsprosjekta vi har fått Enova-støtte til.

 

Endringar ved inngangen i Kinn kommune
No nærmar det seg årsskiftet og avvikling av Flora kommune. Når nyttårsrakettane er ferdig sendt opp frå Fugleskjærkaia er det Kinn kommune som gjeld. Som tidlegare omtalt er det bestemt at dei to hamnene i framtidige Kinn kommune skal halde fram som før inntil noko anna vert bestemt. Det vil seie at Flora hamn KF opererer i farvatnet sør for Bremanger, og Nordfjord havn IKS held seg til farvatnet nord for Bremanger. Pga endra kommunenamn kjem det nok til å bli noko omprofilering frå vår side. Sidan Flora kommune opphører kjem vi til å endre namn til Florø hamn KF, med Kinn knytta til namnet på ein eller anna måte (dette vedtar kommunestyret i Kinn endeleg 11.12.19). Vi kjem også til å endre litt på logoen, bytte e-postadresser og gjere andre mindre justeringar. For endringar som påverkar publikum kjem vi til informere så godt som mogleg.

 

Kollektivterminalen på Fugleskjærkaia
Arbeidet med kollektivterminalprosjektet held fram, og er absolutt ikkje lagt på is. Her kjem vi med oppdatert informasjon så snart som råd.

 

Dette var noko av det vi jobbar med for tida. Ser fram til god dialog på brukarmøtet 09 desember. Følg elles med på facebooksida og heimesida vår, her deler vi jamnleg informasjon.

 

Ha ei riktig fin adventstid!

 

28.11.2019
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef.

 

 

Foto: Tore Hovden