Alden hamneområde

Samarbeid for å styrke tryggleiken på sjøen

Alden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord; Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn og Sunnfjord.

Kinn

Sunnfjord

Fjaler

Hyllestad

Askvoll

Arbeidet er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid jf. kommunelova § 20-4 jf. § 20-2, som skal sikre at kommunane får oppfylt sine krav, samstundes som ein får utnytta stordriftsfordelane og spisskompetansen som finnast. Samarbeidet i Alden vil sikre beredskapen og trygge farvatna i dei medverkande kommunane.

Det felles hamnerådet for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (farvatnet sør for Bremanger) og Sunnfjord har ansvar for eit viktig og krevjande arbeid. Kommunane har gjennom lovendring fått ansvaret for tryggleiken i eige farvatn, og desse utfordringane skal vi løyse i fellesskap.

Kommunane går saman og nyttar seg av kunnskapane og erfaringane som Florø hamn KF allereie har, Florø hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta.

Gjeldande avgiftsregulativ og sakshandsamingsgebyr finn du under menyen Forvaltning