Ny kollektivterminal og nytt kontorbygg på Fugleskjærskaia

av

Fugleskjærskaia er knutepunktet for reisande til og frå Florø og innfallsporten til regionen frå sjøen.

Her går Hurtigruten, ekspressbåten Bergen-Nordfjord, Kystvegekspressen Florø-Måløy, lokalbåtar i Florabassenget og skyssbåtar. No skal det byggast ny kollektivterminal som også inkluderer busstasjon og reisande vil få saumlaus overgang mellom buss og båt. Riksveg 5 startar på Fugleskjærskaia så her er det lett å kome til og frå med bil og drosje, og flyplassen er berre 3 km unna.

Hovudleigetakar for kollektivterminalen vert Sogn og Fjordane fylkeskommune og intensjonsavtale med fylkeskommunen vart vedteken i fylkesutvalet 31. mai 2018.

Det skal også byggast eit nytt terminal- og kontorbygg. Samla bruttoareal er 1800 kvm. Bygget skal BREEAM-NOR-sertifiserast, som er ei sertifiseringsordning for miljø og berekraft for bygg, og vil mellom anna ha lågt energiforbruk. Bygget vil ha unik tilkomst med all kollektivtransport og det vert god tilrettelegging for sykling til jobben. Det vert venterom for passasjerane i 1. etasje. Flora hamn KF skal og inn i det nye bygget og øvrig areal vert leigd ut til andre.

Leige hos oss?

Flora Hamn kan tilby moderne og fleksible kontorlokaler til leige i 2.-5. etasje, eller lokaler for publikumsretta verksemd i 1. etasje. Dei som flyttar inn her vil få  lokaler dei kan vere med å forme frå botnen av og som tilfredsstiller alle krav til arbeidsmiljø – og ikkje minst panoramautsikt mot havet, fjorden, fjella og byen! Det har meldt seg interessentar til store delar av kontorarealet men det er framleis mulegheiter. 

Ta kontakt med hamnesjef Linda M. Midtbø for å melde din interesse. Kontaktinformasjon.

Byggherre: Flora hamn KF
Arkitekt: Arild Wåge Sivilarkitent MNAL, Nordplan AS
Forventa byggestart: i løpet av 2019
Alle illustrasjonar er utarbeida av Nordplan AS

 

Gyda Folkedal