Utviklingstema i kø på brukarmøtet 11. juni

av

Landstrøm, hamnebåt, hamneplan, kollektivterminal, hamne- og farvasslov, adgangskontroll, Hurtigruten, kommunesamanslåing. Tema på årets første brukarmøte sprikar tilsynelatande i mange retningar men fellesnemnaren er utvilsomt: det meste er i utvikling og endring!

Brukarmøtet er ein arena for informasjon og dialog for alle brukarane av hamna sine tenester, kaier og sjøområde. Det vert halde brukarmøte to gonger i året og møtet er ope for alle. Hamnesjef Linda M. Midtbø innleia årets første møte med å sei litt om ny hamne- og farvasslov som snart kjem, status i kommunesamanslåinga, siste nytt om Hurtigruten/kystruten og ikkje minst arbeidet med ny hamneplanen.

Ny hamne- og farvasslov inneber endring i anløpsavgifta
Midtbø understreka at lova førebels er på høyring men det ligg an til nokre endringar som ein bør kjenne til. Det er foreslått at Kystverket skal overta sikring av farvatnet frå kommunane, då vil det og skje ei endring med anløpsavgifta. Den eksisterande lova seier noko om det vi tek inn av inntekter og at det pr i dag berre skal gå til hamnerelaterte formål. Her er det foreslått ei oppmjuking, under visse føresetnader kan eigar (kommunen) ta ut utbytte men det skal vere nok pengar igjen til å investere i hamne­infrastruktur. Vi må skilje betre på kva som er forvaltningsdel og forretningsdel og må eventuelt delast opp organisatorisk i framtida som følge av ny lov.

Vi må gje gode innspel til fellesnemnda om hamneorganisering
Det er fellesnemnda si arbeidsgruppe for hamn og næringsutvikling som jobbar med organisering av hamnene. Hamnene kan ikkje sjølv bestemme korleis dei skal organisere seg, men vi kjem med innspel til fellesnemnda. Det er viktig at vi no nyttar høvet til å gje gode innspel. Dette vart følgd opp av Nødseth som sit i fellesnemnda. Han saknar meir engasjement frå brukarane og næringslivet i Florø når det gjeld organisering av hamnene, det er mykje meir engasjement i Vågsøy.

Hurtigruten med nytt tilbod
Hurtigruten endrar tilbodet sitt i samband med at dei og Havila skal dele kystruta frå 01.01.2021. Når Havila går statsstøtta ruter langs kystruten, kjem Hurtigruten til å gå parallelle kommersielle ruter med færre anløp og lengre liggetid. Det er ikkje sikkert dei på desse rutene vil stoppe i Florø. Mykje er avhengig av at det er eit tilbod til turistane her for at dei skal gå innom. Det er difor no viktig å sjå nærare på kva Florø har å tilby.

Ny hamneplan for Flora er under arbeid
Flora hamn har invitert breitt til å kome med innspel til ny hamneplan. Førebels har det ikkje kome så mykje, og hamnesjefen oppmoda flest muleg til å delta på gruppearbeid om hamneplanen som skal vere litt seinare i møtet. Styret har allereie gjort eitt vedtak i høve til framtidig bruk av kaier: innan utgangen av 2021 skal containertrafikken vekk frå Fugleskjærskaia og flyttast til Botnastranda og/eller Gunhildvågen. Hamna har tett samarbeid med rådmann og plansjef i samband med hamneplanen slik at den er koordinert med sentrumsplanen. Siste halvdel av av brukarmøtet vart vart via til å gje innspel til hamneplanen, og dette er allereie tatt vidare.

Avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om ny kollektivterminal
Gyda Folkedal orienterte om prosjektet. Siste nytt er at intensjonsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om kollektivterminalen vart godkjend i fylkesutvalet 31. mai. Dermed er vi no eit godt steg vidare og hamna har no dialog med mulege leigetakarar til kontorbygget. Det er viktig at dei som tenkjer at det kan vere aktuelt for dei å ta kontakt no. Vi har starta planlegging av anbodsprosess som vert i løpet av hausten/vinteren og det vert byggestart i 2019. Brukarane vart minna på  at dei må melde frå om det er tilhøve det er viktig å ta omsyn til under bygginga eller i høve til den nye kollektiv­terminalen, som ikkje allereie er tenkt på. Det er mellom anna sett ein del på køyremønster og godstransport tidlegare, men det kan vere fleire tilhøve.

Landstrøm i fokus framover
Driftsleiar Ørjan Storesund orienterte om status og planar for landstrøm på dei forskjellige kaiene til hamna. Fiskerikaia i Hesteneset har midlertidig veg og er midlertidig godkjent ut mars 2019. Her må vi sjå på løysingar i samanheng med anna vegbygging i området. Det vert arbeidd med permanent vegløysing for fiskerikaia. Det planleggast med uttak på 400V 250A 50Hz på kaikanten. Det er litt lite kapasitet på fleire andre kaier men hamna ser no på mulegheitene for å utvide kapasiteten. Dette vert eit viktig tema framover. Mellom anna er det ei problemstilling knytt til dei nye skipa frå Hurtigruten og Havila.

Ny hamnebåt kjem til hausten og kan ta oppdrag for andre
Driftsleiaren orienterte vidare om den nye hamnebåten no er i bestilling. Den vert bygd av Hemnes og skal leverast utpå hausten. Båten er 14,5 x 4,5 meter, har kran som tar 3 tonn, og 5 tonns laste­kapasitet. Båten blir designa for Flora hamn og Alden hamneområde sine behov men kan også utføre ei rekkje oppdrag for andre på bestilling. Eksempel på oppdrag er sleping, fendring av private kaier, frakting av material og utstyr, beredskapshjelp.

Snart kortløysing på overvakings- og adgangskontrollsystemet
Hamna har fjernstyrt resepsjon 24/7 og jobbar no med å lage til kortløysing slik at dei som skal inn på ISPS-området ofte ikkje treng å kontakte hamnevakta for å sleppe inn. Alle som skal få kort må ha tatt eit e-læringskurs først, og kursopplegg er snart klart. Ein kan eventuelt ta med kursbevis frå andre hamner og få det godkjent her.

Kva informasjon vil brukarane ha og kor?
Hamnesjefen gjekk kort gjennom kanalane vi har for å informere brukarane, og oppmoda særleg brukarane til å sei frå dersom dei saknar informasjon på de nye heimesida florahamn.no. – Vi skal framover jobbe med ein kommunikasjonsplan og då er det viktig for hamna å vite kva brukarane ønskjer og treng, så kom med innspel, oppfordra hamnesjefen!

Nyttig å vite
På tampen av møtet nytta Slakteriet AS høvet til å informere om pågåande arbeid vest av lakseslakteriet. Dei byttar no ut gammalt anlegg i sjøen med eit nytt som er sikrare og tilpassa dagens brønnbåtar. A til Å følgde opp med å informere om fotoprosjekt under silde- og laksehelga med fotografering av  båtar knytt til oppdrettsnæringa (sjå elles nettsida www.fiskeriflora.no). Westcon følgde opp med informasjon om at dei har søkt om å forskotere planlagt utdjuping av innseglinga utanfor verftet.