Tiltak i sjø

Tiltak i sjø som kan påverke tryggleiken eller tilflot (framkomelegheit) i eit sjøområde krev godkjenning, jamfør hamne- og farvasslova §27.

Døme på dette er bygging, graving, mudring, utfylling, utlegging av sjøkabel, utlegging av flytebrygger, utlegging av bøyer, båtrace og liknande arrangement i strandsona eller liknande. Tiltaket kan vere enten midlertidig eller permanent. Dersom du er i tvil om du skal søke er det berre å ta kontakt med oss.

Flora hamn KF sakshandsamar etter hamne- og farvasslova på vegne av alle kommunane i Alden hamneområde; Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal kommune. Bruk postmottak i den enkelte kommune til å sende inn søknad. Då er du sikker på at søknaden vert handsama i dei rette instansane (til dømes planavdelinga) og du får eit samla svar tilbake.

Kva bør søknaden innehalde? 

  • Kven som søker, med kontaktinformasjon
  • Kommune, gards- og bruksnummer
  • Kartutsnitt/situasjonsplan som syner kor tiltaket vert plassert i farvatnet og dei nærliggande områda (må inkludere informasjon om GPS-posisjon)
  • Skildring av tiltaket (med mål/dimensjonar) inkludert informasjon om merking og fortøyning m.m.,
  • Tidshorisont (midlertidig/permanent).
  • Arrangement i strandsona bør legge ved ein plan på korleis dei handterer tryggleiken både til arrangementet og andre farty i området, inkludert vakttelefon under heile arrangementet.

Sakshandsamingsgebyr

Alden hamneområde har vedteke føresegner om sakshandsamingsgebyr etter Lov om hamner og farvatn for tiltak som skal handsamast etter søknad. Gebyret for 2018 er kr 1 500 for tiltaksklasse 1, kr 2 500 for tiltaksklasse 2 og kr 4 000 for tiltaksklasse 3.

Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming av søknad om tillatelse etter lov om hamner og farvann
Gebyr for tidlegare år:  2017 –  2016  –  2015