Hamneverksemd skapar store ringverknadar for Florø

av

Flora hamn KF har våren og sommaren 2018 fått gjennomført ei ringverknadsanalyse som både tek for seg ringverknadane av den offentlege hamnedrifta til Flora hamn KF og dei totale ringverknadane av hamneverksemd (privat og offentleg) i Florø frå Gunhildvågen til Botnastranda. Resultata seier absolutt noko om kor viktig hamneverksemda er for Florø (alle tala er basert på 2017-aktivitet).

Hamneverksemd i Florø sysselsetter direkte og inndirekte 2 015 årsverk i Florø, noko som utgjer 42 % av totale sysselsettinga i Flora kommune. Av dette er 1 183 årsverk direkte knytta til hamneverksemd.

Næringsaktivitet direkte og inndirekte tilknytt hamneaktivitet i Florø har ein total omsetning på 4,6 mrd kr, der 3,6 mrd kr er direkte tilknytta hamneverksemd. Dette gir igjen ein verdiskaping (lønn + overskot) på 1,6 mrd kr, der 1,1 mrd kr er direkte knytta til hamneaktiviteten. Skatteeffekten utgjer 188 mill kr, der 116 mill kr er direkte tilknytta hamneaktiviteter. Dette er 58% av skattegrunnlaget til kommunen

Hamneaktivitet på dei offentlege kaiene sysselsetter direkte og inndirekte 423 årsverk, der 248 av dei er direkte tilknytta hamneaktivitet på offentleg kai. Aktivitet direkte og inndirekte tilknytta dei offentlege kaiene gir ein omsetning på 788 mill kr, der 606 mill kr er direkte tilknytta den aktiviteten. I verdiskaping utgjer dette 284 mill kr, der 187 mill kr er direkte tilknytta dei offentlege kaiene. Samla skatteeffekt vert på 36 mill kr.

Analysen er utført av Gemba Seafood Consulting.

Du finn heile analyserapporten ved å klikke på denne lenka.