Oppdatering rundt arbeidet med hamneplanen

av

Hamneplanen var på høyring til midten av april. Mange gode innspel kom inn, og særskilt lokasjon av godsterminal har engasjert. Då dette er ei så viktig avgjersle både for næringslivet, hamna og byen, ønskjer hamnestyret å gå grundigare igjennom faktagrunnlaget, muligheitene og konsekvensane rundt dei ulike alternativa. Det vert difor ikkje ferdig eit utkast til hamneplan for handsaming i bystyret på denne sida av sommaren, men heller jobba meir detaljert rundt lokaliseringa av godsterminalen.

Meir om arbeidet med hamneplan finn de her: http://florahamn.no/ordinaer-hoyring-hamneplan-2019-2040/