Oppdatering byggeprosjekt

av

Byggeprosjekt på Flora Hamn si heimesida er oppdater til eit blogg format.

Slik kjem vi i større grad å nytte heimeside for å halde dykk oppdatert angåande byggeprosjektet, samt via Flora Hamn KF si Facebook side.

I løpet av de siste månader har det hendt mykje, nedanfor er eit lite innblikk inn i byggeprosjektet.

Oktober 2019 hadde prosjektledar Gyda Folkedal sin siste dag på Fugleskjærkaia. Gyda sitt arbeid med prosjektet har sikra at vi har kome store steg nærare realisering av ny kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia.

Tredje desember begynte Andrea Bjørkaas Hall som prosjektleiar og tok over prosjektet frå Gyda. Andrea har studert i England frå 2006 til 2012, og har ein Master (Msc) i Project Management.

Desember 2018 var konkuransen for BREEAM NOR Revisor lyst ut i Doffin basen. Konkurranse vart tildelt SWECO NORGE AS. Vi ser fram til eit godt samarbeid med SWECO NORGE AS

I mars etter lange arbeidsdagar vart byggeprosjektet lyst ut på DOFFIN. Flora Hamn KF feira utlysninga på Fugleskjærkaia med kake. Innkjøpsleiar i Flora kommune Arve Klokk, tidlegare prosjektleiar Gyda Folkedal og Jeiki Jegatheesan, prosjektleiar bygg i Flora kommune vart invitert.

Leige hos oss?
Det har meldt seg interessentar til store delar av kontorarealet men det er framleis mulegheiter. Flora Hamn kan tilby moderne og fleksible kontorlokale til leige i 2.-5. etasje, eller lokale for publikumsretta verksemd i 1. etasje med panoramautsikt mot havet, fjorden, fjella og byen!

No som prosjektet er lyst ut er den fremdeles mykje arbeid igjen og vi forsettet i full gir.

Vi gleder oss til fortsettelsen.

Andrea Bjørkaas Hall
Prosjektleiar