Aktuelle tema

Hygienesertifikat for skip

Flora kommune er godkjend av Helsedirektoratet til å utføre inspeksjon for å skrive ut og forlenge hygienesertifikat for skip
– SHIP SANITATION CONTROL EXEMPTION CERTIFICATE
– EXTENSION of SHIP SANITATION CONTROL EXEMPTION CERTIFICATE
i medhald av IHR-forskrift , §21 / Internasjonalt helsereglement.

Bestilling av inspeksjon til:
– Flora kommune, Informasjon og service, tlf. 57756000
– eller Folkehelseavdelinga 57756191 / 95751588, siri.osnes@flora.kommune.no

Sjå nettsida til Flora kommune for meir informasjon.

Marine grunnkart for Sogn og Fjordane

Alden hamneområde har bidratt til økonomisk støtte for utvikling av marine grunnkart i farvatnet til medlemskommunane:

Norges geologiske undersøkelser (NGU) har kartlagt havbotnen i store delar av Sogn og Fjordane i svært høg oppløysing. NGU sin serie med marine grunnkart i målestokk 1:20 000 omfattar blant anna kart over botntypar, helling, ankringsforhold, gravbarheit, botnfellingsområder og havbotnterreng. Karta er fritt tilgjengelege for alle. NGU har tilrettelagt data for ulike bruksgrupper, og marine grunnkart kan både studerast på internett, brukast i eigne karttenester og lastast ned for vidare analysar.

Korleis finne dei marine grunnkarta kan du sjå her.

Fiskerihamner i Flora kommune

For å få oversikt over fiskerihamner i Flora kommune gjer du følgjande:

  1. Gå inn på www.kystinfo.no
  2. Zoom inn på aktuelt område på kartet, i dette tilfellet Flora kommune.
  3. Velg temalag: ‘Fiskeri og havbruk’ -> ‘Fiskerihavner’

Tenesta kystinfo.no er eit gratis infomrasjonstilbod frå Kystverket.

Rutebåtar i Florabassenget

Informasjon om rutetilbudet i Florabassenget – Barekstad, Fanøy, Batalden, Rognaldsvåg, Kinn, Veiesund, Stavang, Svanøy, Askrova – finn du hos Fjord1. Merk at det må tingast plass for bil. Alle båtane går frå Fugleskjærskaia i Florø. Det er venterom på austre enden av kaia.

Historia om Fugleskjærene og Fugleskjærkaia: Kaia som møteplass - og betydning for Florø by

Flora Historielag har i sitt sogeskrift Floraminne (publisert 2017) ein artikkel om Fugleskjærkaia. Vi har vert så heldig å få dele denne på var heimeside, til spennande lesing for alle brukarar av Fugleskjærkaia. Takk til Bjørg Mikalsen og Flora Historielag for at vi får dele denne.

Artikkelen finn de her.