Nye parkeringsskilt på Fugleskjærkaia

av

Nye parkeringsskilt på Fugleskjærkaia

Som tidlegare nemt i marsbrevet så kjem det nye parkeringsskilt på Fugleskjærkaia.

Dagens Fugleskjærkaia legg ikkje opp til gode og trygge løysingar, og det er dagleg feilparkeringar og situasjonar som ikkje er heldige med tanke på tryggleiken til dei reisande.

Vi ser at når den nye kollektivterminalen kjem vert det ikkje lett å snu dei vanene rundt med ein gong, og vi prøver difor å vere litt i forkant.

Det vil bli innført strengare parkeringsrestriksjonar på området og tettare oppfølging av dette for å vere i forkant av det som skal skje her nede på kaia – med 18 månaders byggeperiode og nye køyremønster når prosjektet er ferdig.

Flora Parkering planlegger nye parkeringsrestriksjonar på området, når søknaden er ferdig behandlet vil vi i forkant (5 arbeidsdager) informere om dato de nye parkeringstiltak blir satt i verk.

Andrea Bjørkaas Hall
Prosjektleiar