No startar arbeidet med ny hamneplan: – Vi ønskjer innspel frå deg

av

– Vi ønskjer innspel frå deg
Den klare oppmodinga kjem frå hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og styreleiar Vidar Grønnevik i Flora hamn KF. – Den føregåande hamneplanen vart utarbeida i 2006 så den er definitivt moden for fornying no, påpeikar dei begge. Dei forklarer vidare: – Den nye hamneplanen skal vere ein kort og tydeleg strategi som skal peike ut retninga for korleis vi skal utvikle hamneområda i Floraområdet i 15-20 år framover, og korleis vi skal ivareta viktige oppgåver. Planen skal vi ta med oss vidare inn i Kinn kommune. Dette er eit viktig arbeid for hamna som vi set i gang no. Midtbø og Grønnevik oppmodar difor alle som er engasjerte i hamnespørsmål om å nytte høvet til å gje innspel og vere med å påverke.   

Hamneplanen vedkjem dei fleste i Flora!
Hamnespørsmål bør engasjere dei fleste i Flora både i jobb og fritid. Vi har sjø, hamner og maritime og marine næringar på alle baugar og kantar med tilhøyrande kaianlegg og areal. I sentrum har vi Fugleskjærskaia med både passasjertrafikk og gods og etter kvart ny skysstasjon, diverse kaier, flytebrygger og gjestehamn. Vidare har vi fiskerikai i Hestneset, og kaier og areal både i Gunhildvågen og Botnastranda.

Korleis skal vi bruke og utvikle desse areala vidare i framtida? Her er det mange mulegheiter og hamnesjefen strekar under at vi må tørre å tenke stort. Hamneplanen skal gje retninga på utviklinga av framtidas hamnefunksjonar men vi har og nokre viktige føringar å halde oss til i arbeidet. Kommuneplanens arealdel for 2017-2027 og samfunnsdel for 2018-2028 er overordna (sjå flora.kommune.no), og der er det mellom anna lagt opp til mulegheiter for utviding av kaiareal. Vidare føreligg det til dømes nasjonale planar om å flytte meir gods frå veg til sjø og bane. Vi har dermed myke godt grunnlag å ta utgangspunkt i. Grønnevik legg til at han særleg oppfordrar oppdrettsnæringa til å sei noko om kva dei treng i framtida.

Korleis gjev du innspel?
Innspel er avgjerande for å få ein god hamneplan og vi tek difor i bruk dei fleste kanalar vi har tilgjengelig.  Du kan: 

  • Fylle ut innspelskjema på nettsida vår florahamn.no
  • Skrive epost til hamneplan@florahamn.no, merk eposten med «Innspel til hamneplan på vegne av <namn på bedrift, rederi, privatperson>»
  • Skrive innspel på Facebook-sida til Flora hamn KF. Her ligg det som eige innlegg med høve til å kome med innspel.
  • Avtale eit møte med Flora hamn, ta kontakt med hamnesjef Linda Mortensen Midtbø.
  • Skrive brev, adresse nederst på nettsida. 

Fristen for å gje innspel er 29.06.2018.

Ny hamneplan klar desember 2018
Innspela vert samla inn og gjennomgått. Så vert det ein prosess vidare med hamnesjefen og hamnestyret som er ansvarlege for arbeidet. Til hausten vert det utarbeida utkast til hamneplan som vert sendt på ordinær høyring, med mål om å verte handsama i bystyret i desember 2018. Når planen er godkjend vert den gjort tilgjengelig på nettsida til Flora hamn KF.

Hamneplan juni 2006

Bilde: Hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og styreleiar Vidar Grønnevik, klare til å rullere hamneplanen (Foto: Gyda Folkedal)