Junibrevet 2019

av

Dette er tredje utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Målet er å gje ein kort staus om noko av det som skjer i hamna, som eit supplement til brukarmøtene våre. Innhaldet vil variere, men om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å gje oss ei tilbakemelding på hamn@flora.kommune.no.

 

Organisering av hamner i Kinn kommune

Framtidig hamneorganisering i Kinn kommune er ikkje avklart enno og vil nok tidligst bli avklart 01.01.2020. I Flora kommune er hamna organisert som eit kommunalt føretak, mens i Vågsøy er hamna organisert i eit interkommunalt føretak – der Vågsøy kommune er ein av fire eigarkommunar i Nordfjord hamn. Dei andre eigarane er Selje kommune (som skal slå seg saman med Eid til Stadt kommune), Gloppen og Stryn. Det har i vår vert jobba på ordførarnivå (eigarnivå) med å utgreie kva ein ønskjer med hamnene sine. Alle ordførerane i Nordfjord hamn IKS, Flora hamn KF, samt Bremanger kommune og Eid kommune har deltatt. Arbeidet har resultert i ein rapport der ein vurderer fire alternativ for framtidig hamneorganisering:

  • Halde fram med ei vidareføring av dagens organisering.
  • Kinn kommune etablerer ei eiga hamneorganisering.
  • Samle all hamneaktivitet i eitt selskap, anten som eit interkommunalt selskap, eller i eit aksjeselskap.
  • Ein konsernmodell der fellesfunksjonar samlast i eit morselskap, og ein har to eller fleire dotterselskap oppdelt ut frå oppgåver. Anten som interkommunalt selskap, eller som eit aksjeselskap.

Dei ulike alternativa er vurdert opp mot kva som gjer mest effektiv styring og produktivitet, heilskapleg samfunnsutvikling, samt ei rekke andre faktorar. Heile rapporten kan lesast her:
http://www.kinn.kommune.no/rapport-om-organisering-av-hamnedrift-i-nordfjord-og-flora.6222042-433987.html

Vegen vidare er et at den enkelte kommune i løpet av juni månad tek stilling til om dei ynskjer å vere med i den vidare prosessen for å utgreie ei samanslåing av hamneselskapa i regionen. Ein vil deretter gjennomføre ei utgreiing for å avklare korleis hamneverksemda for kommunane Kinn, Stad, Stryn, Gloppen og Bremanger kan samlast i eitt selskap eller konsern. Det skal også utformast ein strategi for eit felles hamneselskap som synar korleis selskapet kan møte behova til regionen samla og i kvar enkelt kommune som deltek i samarbeidet. Utgreiinga skal vere ferdig 01.02.2020, og deretter skal kvar kommune ta endeleg stilling til om dei vil vere med i eit felle hamneselskap.

Dette er spennande tider både for brukarane og dei tilsette i hamna. Vi tilsette har uansett full fokus på jobben som skal gjerast med å drifte hamna på ein god måte, og vil jobbe for eit godt resultat uansett kva organisering som vert valt.

 

Hamneplan

Hamneplanen var på høyring til midten av april. Mange gode innspel kom inn, og særskilt lokasjon av godsterminal har engasjert. Då dette er ei så viktig avgjersle både for næringslivet, hamna og byen, ønskjer hamnestyret å gå grundigare igjennom faktagrunnlaget, muligheitene og konsekvensane rundt dei ulike alternativa. Det vert difor ikkje ferdig eit utkast til hamneplan for handsaming i bystyret på denne sida av sommaren, men heller jobba meir detaljert rundt lokaliseringa av godsterminalen.

Høyringsutkast finn de her: https://florohamn.no/ordinaer-hoyring-hamneplan-2019-2040/

 

Ny hamne- og farvasslov

Fleirtalsregjeringa la nyleg fram ny framlegg til hamne- og farvasslov, som vert handsama i Stortinget 4. juni. Lova (som lover flest) kan vere noko tørr å jobbe seg igjennom, men det er nokre sentrale punkt som er viktig for framtidig hamnedrift:

  •  Hamnekapital: I dag krever hamnene inn avgifter og vederlag, og det er dette som sørger for drift og framtidige investeringar i hamna. Dette er heilt adskilt frå all anna kommuneøkonomi, og alle hamneinntekter skal forbli i hamneorganisasjonen. Med ny hamne- og farvasslov legg ein opp til at det skal vere mogleg å ta ut utbytte av hamnekapitalen om det er tilstrekkelege midlar til drift og vedlikehald av hamn, samt midlar til investeringar som er direkte knytta til tenesteyting retta mot farty, gods- og passasjerhandtering. Som utdeling reknast ein kvar overføring av verdiar som direkte eller indirekte kjem eigaren til gode.
  • Farvatn: I dag har Kystverket ansvar for tryggleiken og tilkomst i hovud- og bilei, mens den kommunale hamna har resten. For Flora kommune sin del inkluderer dette 18 sjømerker som vi driv vedlikehald på. All sikring av farvatnet er organisert i Alden hamneområde; og der jobbar vi med prosjekt som utmudring av farvatnet, nye merker der det trengs, multistrålekartlegging og mykje meir. Vi henter også inn flytande gjenstandar som er fare for dei sjøfarande, og dette har inkludert alt frå tømmerstokker til kjøleskap og flytande hjortekadaver.
    I den nye lova er det Kystverket (staten) som i sin heilhet tar over utbetring av farvatnet og sjømerkinga. Kommunen skal framleis ha tryggleik i dei kommunale sjøområda, inkl fjerning av gjenstander, navigasjonsinnretningar kommunen eig, samt sakbehandling når ein skal legge ut flytebrygger, arranger båtrace og liknande.
  • Anløpsavgift: Då oppgåvene til kommunane vert færre vil denne avgifta naturleg verte mindre. Denne kostnaden vil også bytte namn til farvassavgift, då det er det eigentleg er. Ein har ikkje lov til å nytte pengane til noko anna (som til dømes bygge ny kai), og dette vert jamnleg kontrollert av Kystverket.

 

Dei som ønskjer å lese meir kan gå inn på heimesidene til Stortinget her: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2018-2019/inns-201819-301l/

 

Botnastranda aust

Den austlegaste kaia til Flora hamn KF finn de på Botnastranda, der Florø Mekaniske Verkstad tidlegare holdt til. Dette har vert ei kai på festa grunn, og vi er no glade for at vi har signert kjøpsavtale om kaigrunn og bakareal der og litt vestover. Totalt 3 mål. Kaia er ikkje i dag godkjent som ISPS-kai, men vi har fått gjennomført ein obligatorisk hamnesårbarhetsvurdering for kaia, og no ligg sikringsplan for området inne hos Kystverket med søknad om godkjenning. Målet er å gjere kaia til eit av-på-ISPS-anlegg (on/off), slik som vi har i Gunhildvågen i dag. Då kan vi nytte kaia til både ISPS-skip og andre farty, og det skapar oss meir fleksibilitet.

 

Hamnekontoret framover

Vi går no inn ein periode med ferieavvikling og variabel bemanning. Det er i tillegg no i sommarsesongen det (forhåpentlegvis) er dei beste høva for vedlikehald av sjømerker, kaier og anna som skal gjerast både i øyane og i Alden hamneområde. Sjølv om de ikkje alltid vil finne open kontordør og folk på Fugleskjærkaia, er det alltid folk på jobb og de kan nå oss på vakttelefon 91 31 80 00 (24/7). Om du skal sende e-post er det fint å nytte hamn@flora.kommune.no. Den er det alltid noko som les innafor vanleg kontortid, uavhengig av ferieplan. I tillegg til ferieavvikling vil senior hamneinspektør Tore Hovden gå ut i foreldrepermisjon i 15 veker. Vi har difor fått inn ein vikar i juni, juli og august. Eirik Høydal vil vere vår alt-mogleg-person på kaia. Og når han ikkje er på jobb hos Flora hamn, finn du han på treningsfeltet eller i kamp for Florø fotball. Velkommen om bord!

 

Det var eit lite innblikk i hamneverden for tida.
Ønskjer alle brukarar velkommen på brukarmøte 14 juni, og elles ein riktig fin sommar!

 

Florø 03.06.19
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef