ISPS

Kva er ISPS

ISPS Code – International Ship and Port Facility Security Code. Dette er det internasjonale regelverket for sikring av skip og hamneanlegg vedtatt av FNs sjøfartsorganisasjon(IMO) 12. desember 2002, og gjeld for hamneanlegg som betjener følgande skip i internasjonal fart:

a) Passasjerskip, herunder hurtiggåande passasjerskip,
b) lasteskip, herunder hurtiggående lasteskip, med bruttotonnasje 500 eller meir, og
c) flyttbare boreinnretningar som forflyttast ved hjelp av eige framdriftsmaskineri.

Alle skip som har eit internasjonalt sikringssertifikat (ISSC) vert rekna for å vere til einkvar tid å vere i internasjonal fart.

 

 

Adgangskontroll Flora hamn (2019)

 

ISPS-vederlag farty

ISPS-fartøy betalar eit vederlag på kr. 0,20/bt pr døgn.

ISPS- passasjerfartøy betalar i tillegg eit vederlag på kr. 17,- pr. passasjer.

Alle farty over 15 meter som nyttar seg av ISPS-terminal skal betale ISPS-vederlag uavhengig om fartyet er eit ISSC-farty eller ikkje. Fartøy som ikkje har ISSC-sertifikat er fritatt for ISPS-vederlag ved anløp der hensikta kun er bunkring av drivstoff og bunkringspersonell er tilstades under heile anløpet, og ISPS-infrastrukturen elles ikkje vert nytta.

Dersom eit fartøy som følgje av auka sikringsnivå eller andre krav om bord krev ekstra tryggingstiltak under hamneopphaldet vil kostnadane for desse tilleggstiltaka lastast rederiet.

ISPS- andre aktørar

Transportsikringskontrakt
Faste transportørar, leverandørar, brukarar og andre leigetakarar i ISPS-anlegget til Flora hamn KF kan signere transportsikringskontrakt (tidlegare kalla «Sikkerheitserklæring frå fast aktør»). Om det er tvil om at aktør ikkje held pliktane i transportsikringskontrakta vert aktør rekna som utan transportsikringsavtale.

Alle aktørar som ønskjer ein transportsikringsavtale må søke Flora hamn KF ved å sende ei henvending til hamn@flora.kommune.no. Det er vederlagsfritt å få transportsikringskontrakt. Transportsikringsavtalen er eit krav for å få utstedt ISPS adgangskort og den unntek aktøren frå kravet om 5% gjennomsøking og kontroll ved entring av ISPS-området ved nivå 1.

Kurs
Godkjent ISPS-kurs finn ein på www.florahamn.no. Kurset er personleg og kursdeltakar må skrive ut/lagre kursbevis etter gjennomført kurs. Godkjent kursbevis må framleggast for å få adgangskort. Tilsvarande kurs frå andre ISPS-terminaler vert godkjent som gjennomført ISPS-kurs ved framlegging av kursbevis.

Adgangskort:
Adgangskortet er personleg og kan inkludera adgang for køyretøy. Føresetnadane for å få adgangskort er godkjent ISPS-kurs og gyldig transportsikringskontrakt.

Prisar
ISPS-kurs kr 410 per kurs
Utsteding ISPS-adgangskort: kr 250 per kort
Årleg vederlag for ISPS-adgang : kr 300 per kort
Gebyr for tapt/ødelagt ISPS-kort, inkludert lånekort : kr 400 per kort
Adgangskort eldre enn 5 år kan skiftast ut vederlagsfritt.
Midlertidig køyretilgang: kr 50 pr døgn

Besøkande utan bil vert gitt tilgang kostnadsfritt.

Tilgang køyretøy utan adgangskort
Midlertidig kjøretilgang vert belasta pr kalenderdøgn for besøkande til terminalen for gods- og varetransport. Dette vert fakturert etterskotsvis og fakturering vert gjennomført 4 gongar i året. Generelt anbefalast det å inngå ein transportsikringskontrakt.

Privatkundar som kan framvise gyldig dokumentasjon på henting av varer, vil ikkje bli lasta for vederlaget. Det er speditørens ansvar å utstede dokumentasjon til privatkundar.

Lasting og/eller lossing av ISPS-farty
Ved lasting/lossing av ISPS-farty ved Flora hamn KF sine kaier så er det ønskjeleg at aktør har inngått ein transportsikringskontrakt og har godkjent personell som kan utføre sikringsoppgåver i tillegg til laste- og losseoperasjonar. Aktørar som ikkje har denne kontrakta eller godkjent sikringspersonell som kan ivareta pliktene i sikringsplanen, må tinge godkjent sikringspersonell av Flora hamn KF for gjennomføring av laste- og losseoperasjonar. Aktør som lastar og/eller lossar vert fakturert pr time, frå ein time før ankomst av farty til ein time etter avgang av farty etter prisar oppgitt under «fortøyning/oppmøte».