Alden hamneområde

Vakt 24t : 91 31 80 00

alden_toppAlden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord; Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal.

Arbeidet er organisert som eit eit § 27 samarbeid, som skal sikre at kommunane får oppfylt sine krav, samstundes som ein får utnytta stordriftsfordelane og spisskompetansen som finnast.

Samarbeidet vil sikre beredskapen og trygge farvatna i dei medverkande kommunane.

Nytt hamnesamarbeid for å styrke tryggleiken på sjøen

Det nye felles hamnerådet for kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal har ansvar for eit viktig og krevjande arbeid. Kommunane har gjennom lovendring fått ansvaret for tryggleiken i eige farvatn, og desse utfordringane skal vi løyse i fellesskap.

Kommunane går saman og nyttar seg av kunnskapane og erfaringane som Flora Hamn KF allereie har. Dette er eit såkalla § 27 samarbeid, der Flora Hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta.

Flora Hamn sit på kompetansen, og eit råd samansett av representantar frå alle kommunane vil sikre ei god felles løysing.

Meny Alden Hamneområde

Kart Alden Hamneområde

kart