Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Kystverket hadde 3. november offisiell opning av den oppgraderte innseglinga til Florø. Innseglinga er både utdjupa, utvida og merka med til saman tolv nye sjømerke.
Opning innsegling 1 Matvik internett
OPNINGA. Flora-ordførar Ola Teigen og leiar i nærings- og kulturutvalet i Sogn og Fjordane Karen Marie Hjelmeseter fekk æra av å opne den utbetra innseglinga. Til venstre regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket.
Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket.


Kystverket har utdjupa innseglinga til Florø til minus 16 meter i ein korridor på 120 meters breidde. Nokre grunnar vest av Fugleskjerskaia er samtidig sprengde ned til minus 12,5 meter. Det er Skanska som har hatt entreprenøroppdraget for Kystverket. Utjupingsarbeidet starta sommaren 2014, og prosjektet har kosta om lag 55 millionar kroner.


Skanska har i alt skote vekk 40.000 kubikkmeter fast fjell. Dette har gitt ca. 80.000 kubikkmeter steinmasse. All steinmassen har komme til allmenn nytte. Det meste av massen er brukt til fylling for eit nytt industriområde vest for Fjord Base. Ca. 20.000 kubikkmeter er fylt i stranda vest av Fugleskjerskaia, og ca. 10.000 kubikkmeter er brukt til ein dekningsmolo for småbåthamna i Breivika.

Bygging av nye seglingsmerke har utgjort ein stor del av prosjektet. Kystverket og Skanska har sett opp tolv nye merke. Tre av dei nye seglingsmerka står i Hellefjorden i den ytre delen av innseglinga. Merkinga inne på sjølve hamna omfattar mellom anna to overrettlys ved Langholmen like utanfor verftsanlegget til Westcon i Florø.

Opningsmarkering i Hellefjorden

Regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket var vert for opningsmarkeringa. Den skjedde ute i Hellefjorden. Dit kom gjestene om bord i veteranbåten ”Atløy”. Flora-ordførar Ola Teigen og Karen Marie Hjelmeseter, leiar i nærings- og kulturutvalet i Sogn og Fjordane, opna innseglinga ved å trykke på ein raud knapp. Det gav signal til taubåten ”Stadt Årdal”, som laga fontener over det eine nye seglingsmerket med dei tre brannkanonene sine.

Oppgraderinga av innseglinga til Florø gjer at Westcon kan ta inn dagens flytande riggar til service, vedlikehald og ombygging i Florø. Flora Hamn kan også ta mot større og meir djuptgåande fartøy enn tidlegare. Det er såleis eit svært viktig prosjekt for byen og næringslivet i Florø som no er vel i hamn.

Opning innsegling 2 Matvik internett
NY MERKING. Nautikar Edgar Ådnanes i Kystverket informerer om den nye merkinga av innseglinga til Florø.
Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket.