Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Jostein Lange Bergset er frå 1. august fast tilsett i Flora Hamn KF som hamneinspektør 1. Tore Hovden er tilsett i fast stilling som hamneinspektør med verknad frå 1. oktober.

Hovden og Bergset internett
HAMNEINSPEKTØRAR. Tore Hovden (til venstre) og Jostein Lange Bergset er begge fast tilsette som hamneinspektørar i Flora.
Foto: Magnus Helge Torvanger.


Jostein Lange Bergset begynte i Flora Hamn KF i desember 2013, då som hamneinspektør i eit vikariat for Erik Svendsen. Sistnemnde vart 1. september 2013 konstituert som hamnesjef då Audun Korneliussen begynte på ein to år lang permisjon. Erik Svendsen gjekk av med pensjon 31. juli i år. Tore Hovden har jobba som hamneinspektør sidan desember 2014, i eit vikariat for Andreas Paepenmöller.