Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Flora Hamn KF er i full gang med utdjuping langs den nordaustre delen av Fugleskjerskaia. Her blir utdjupa ned til minus åtte meter langs ei kailengde på 185 meter. Arbeidet vil vere ferdig i slutten av september.

Utdjuping Fugleskjerskaia internett
UTDJUPING LANGS KAIA. Mudringsapparatet til Fyllingen Sjø AS i sving med å hente opp steinmasse ved Fugleskjerskaia.
Foto: Magnus Helge Torvanger.

– Utdjupinga vil auke hamnekapasiteten i Florø og gjere oss meir fleksible. Vi vil kunne ta inn større fartøy – som ankerhandteringsfartøy og hurtigruteskip – også ved denne delen av Fugleskjerskaia. I tillegg til å vere kai for ekspressbåtane til og frå Bergen, blir dette i hovudsak ventekai, fortel fung. hamnesjef Jostein Lange Bergset.

Firmaet Fyllingen Sjø AS har entreprisen på utdjupingsarbeidet. Dei starta med å sikre kaifronten tidlegare i sommar. I august starta sjølve utsprenginga. Entreprenørfirmaet sprenger laus ca. 2.000 kubikkmeter fast fjell, og arbeidet har gått utan problem. Før større fartøy kan ta i bruk den nordaustre delen av Fugleskjerskaia, må her også fendrast meir ut enn i dag. Utdjupingsprosjektet er finansiert gjennom anløpsavgifta i Alden Hamneområde.

Ny innsegling klar

Utdjupinga og utvidinga av innseglinga til Florø var ferdig i sommar. Den nye innseglinga har fått moderne oppmerking heilt inn til Westcon sitt verftsanlegg. Dermed kan ein ta dagens flytande oljeriggar inn til Florø for service, vedlikehald og ombyggingar. Kystverket har hatt ansvaret for prosjektet.

Vêrstasjon på Fugleskjerskaia

Fugleskjerskaia fekk på forsommaren ein automatisk vêrstasjon. Stasjonen målar vindstyrke og vindretning og viser korleis dette har vore den siste timen. Hurtigruten krev slike vêrstasjonar i alle hamnene sine.

Elles er det meininga at alle kan gjere seg bruk av vêrstasjonen. Den ligg på internett på www.portwind.no – og det vil også komme link til stasjonen på Flora Hamn si heimeside.