Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Flora Hamn KF har no lagt ut ei ny flytebrygge ved Kolkaia i Florø. Den nye brygga gir 120 nye kaimeter i det indre hamnebassenget. 
Ny flytebrygge Florø internett
NY SENTRAL BRYGGE. Den nye flytebrygga ligg sentralt i hamnebassenget i Florø.

Galeasen ”Svanhild” og veteranbåten ”Atløy” skal få plass ytst ved den nye brygga. I tillegg blir her nokre faste båtplassar, som Flora Hamn kjem til å lyse ut seinare i haust.

Hamneselskapet er i gang med å førebu anbodsutlysing for bygging av ny fiskerikai i Hesteneset i Florø. Kaia får ei lengde på 57 meter. Flora Hamn vil få til saman 6,7 mill. kroner i statleg tilskot til dette prosjektet.

Stor hamnetrafikk i sommar


Aktiviteten har vore stor på hamna i Florø denne sommaren. Størst aktivitet var det under festivalen Fjordsteam i august, då rundt 40 større og mindre veteranbåtar låg i hamn. Sommerbåten til NRK var i Florø 14. juli, og veldig mange såg programma herfrå.

Årets einaste cruiseskip – ”Voyager” med 488 passasjerar – låg i Florø 7. juli. Cruiseskipa ”Serenissima” og ”Island Sky” var i Gaular i sommar, medan hurtigruteskipet ”Fram” kom til Askvoll. Flora, Askvoll og Gaular er mellom dei sju kommunane som er med i Alden Hamneområde.

Haugefisk Von Helland Sandnes internettFJORDSTEAM. Veteranbåtane ”Haugefisk”, ”Von”, ”Helland” og ”Sandnes” i Florø under Fjordsteam-festivalen i august.
Begge foto: Magnus Helge Torvanger.