Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Flora bystyre hadde 9. juni oppe dei nye reguleringsplanane for Fugleskjerskaia. Bystyret godkjende planen for ny terminal på kaia. Planen for utviding av kaia mot vest sende bystyret derimot tilbake til Plan- og miljøutvalet.

Nytt terminalbygg internett
NY PASSASJERTERMINAL. Den nye terminalen på Fugleskjerskaia sett frå nordvest, med nytt terminalbygg midt på området.
Illustrasjon: Nordplan.

iVest Consult har laga ny reguleringsplan for passasjerterminalen på Fugleskjerskaia. Nordplan AS har laga skisser av nytt terminalbygg og utarbeidd konkurransegrunnlag for bygget. Det skal romme felles terminal for buss, taxi og båt – både lokale rutebåtar og ekspressbåtruta mellom Nordfjord og Bergen. Vidare skal bygget innehalde kontor, venterom for passasjerar og kvilerom for sjåførar. Her skal også komme eit lagerbygg for gods og ein liten verkstad. Reguleringsplanen har vore ute til offentleg høyring før bystyret no godkjende planen.

Bystyret gjorde elles eit tilleggsvedtak der det heiter at kommunen i samråd med Flora Hamn  kan godkjenne som mellombels tiltak at konteinerar blir lagra inntil fem i høgda i avgrensa periodar.

Ny runde om ny kaipir

Reguleringsplanen for utviding av Fugleskjerskaia sende bystyret tilbake til Plan- og miljøutvalet. Denne saka gjeld forlenging av kaia mot vest med ein ny pir på 60 meter.

Arbeidarpartiet kom med eit tilleggsframlegg i saka. Den reduksjonen som forlenginga vil føre til for den planlagte småbåthamna i Stranda, skal bøtast på ved å opne for å forlenge båthamna mot nord. Andre konfliktområde mot farleier skal avklarast. Flora Hamn må legge fram dokumentasjon på kor stor tryggleikssona skal vere og korleis den nye kaipiren kan verke inn på Stranda bydel sine planar. Innsida av piren skal berre nyttast av mindre fartøy. Bystyret vedtok å sende både reguleringsplanen og tilleggsframlegget tilbake til Plan- og Miljøutvalet.

Plan- og miljøutvalet vil elles ha dokumentert korleis framtidig tilrettelegging for landstraum skal gjerast før ein gir oppstartsløyve for utvidinga av kaia.

Ny kaipir Fugleskjerskaia internett
KAIUTVIDING. Den nye kaipiren på Fugleskjerskaia slik den etter planen vil sjå ut frå sørvest.
Illustrasjon: iVest Consult.