Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Kaiene i Flora hadde totalt 6.716 skipsanløp i 2014. Grunna stor aktivitet på oljefelta vest av Florø, var det god trafikk av offshorefartøy på hamna. Dette går fram av årsmeldinga for Flora Hamn KF for 2014.  

Anløpa til lokale rutebåtar er ikkje med i dette talet. Flora Hamn har eit samarbeid med Fjord Base om plassering av offshorefartøy som treng kaiplass for venting. Flora Hamn si store kai i Botnastranda var utleigd i heile 2014.

Anløp Florø 2012 2014
AUKANDE SKIPSTRAFIKK. Grafen viser talet på skipsanløp i Flora i åra 2012 til 2014.

Det var god trafikk av fryseskip og fiskefartøy ved Flora Hamn si kai i Gunhildvågen i 2014, med i alt 195 fartøy. All pallelast med frosen fisk frå Pelagia sin fabrikk i Florø går over denne kaia. Flytekaia som Flora Hamn la ut ved Hesteneset i 2012 var også i fjor base for veteranbåten ”Atløy”. I tillegg blir denne kaia brukt av lokale fiskebåtar og andre fartøy.

God auke i godsvolum

2.710.000 tonn gods gjekk over kaiene i Flora i fjor. Dette er ein god auke frå 2013, då godsvolumet låg på 2.023.000 tonn.

184.473 båtpassasjerar reiste over Fugleskjerskaia i Florø i 2014. Året før hadde Flora Hamn 180.021 passasjerar.

Flora Hamn KF hadde ei omsetning på nær 13,7 millionar kroner i 2014. Omsetninga i 2013 var til samanlikning på vel 11,6 millionar kroner. Årsresultatet i fjor vart 6,2 mill. kroner, mot vel 5 mill. kroner i 2013.

Hamnesamarbeidet i Alden hamneområde hadde ei omsetning på nær 6 mill. kroner i 2014. Netto driftsresultat vart vel 2,8 mill. kroner. Alden hamneområde er et samarbeid mellom kommunane Flora, Naustdal, Førde, Askvoll, Gaular, Fjaler og Hyllestad.

Gods 2012 2014
GODSVOLUMET over kaiene i Flora slik det har auka dei siste åra. Tala er i tonn.


Utdjuping mot fullføring


Flora Hamn KF hadde mange prosjekt på gang i 2014. Eit stort prosjekt er ny reguleringsplan og nytt administrasjonsbygg på Fugleskjerskaia. Vidare har Flora Hamn arbeidd med å prosjektere ei fiskerikai i Hesteneset. I statsbudsjettet for 2015 er det gitt 6,7 mill. kroner i tilskot til fiskerikaia. Kystverket starta utdjupinga av innseglinga og hamna i Florø i fjor sommar.

I samarbeid med Florø Mekaniske Verksted har Flora Hamn bygd ei ny kai på 60 meter i den austlege delen av Botnastranda. Kaia stod ferdig i februar i år.

Flora Hamn har også fått laga reguleringsplan for ei forlenging av Fugleskjerskaia mot vest med 60 meter. I 2014 kjøpte hamneselskapet gjestebrygga på den indre hamna i Florø.

Alden hamneområde står for finansieringa av ei utdjuping nord for den austre delen av Fugleskjerskaia. Dette arbeidet vil vere ferdig i sommar. Då kan fartøy med djupgang opp mot 8 meter nytte denne delen av kaia.

Flora Hamn KF har i 2014 registrert auka etterspørsel etter hamnenære industriområde i Florø. Flora Hamn arbeider derfor med å finne eigna løysingar innanfor budsjettrammene som selskapet har.

Omsetning
Netto driftsresultat
Eigenkapital
Omsetning, netto driftsresultat og eigenkapital for Flora Hamn KF i åra 2010 til 2014. Anløpsavgifta er overført til Alden hamneområde frå og med 2012.
Alle grafar: Flora Hamn KF.