Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

I 2014 gjekk det 2,7 millionar tonn gods over kaiene i Flora kommune. Dette er ein auke på 700.000 tonn frå 2013. Volumet omfattar både fisk, rør, stein, vatn og anna gods. Hamnene i Flora handterer eit ganske stor godsvolum i norsk målestokk.  

 Det opplyste styreleiar Vidar Grønnevik på eit godt besøkt brukarmøte i Flora Hamn KF 16. april. Godsmengda inkluderer volum frå Fjord Base, frå private kaier og frå Flora Hamn sine kaier.

ECL Commander internett
AUKANDE GODSMENGDE. ”ECL Commander” lossar konteinerar ved Fugleskjerskaia i Florø. Skipet tilhøyrer Wilson si Euro Container Line.

Flora Hamn registrerte rundt 6.700 skipsanløp i fjor, mot ca. 6.200 anløp i 2013. Anløpa til lokale rutebåtar er ikkje med i desse tala. 184.000 passasjerar reiste over Fugleskjerskaia i Florø sentrum. Det er om lag like stor passasjertrafikk som Florø Lufthamn har.

Flora Hamn KF hadde ei omsetning på 13,7 millionar kroner i 2014. Dette er ein auke på eit par millionar kroner frå 2013. Hamnestyret er bra nøgde med fjoråret også økonomisk. Hamnesamarbeidet i Alden hamneområde hadde ei omsetning på ca. 6 mill. kr. Alden Hamneområde tar inn anløpsavgifta. Denne inntekta skal gå til spesielle tiltak for sikring av sjøområda innanfor hamneområdet. I tida som kjem skal noko av anløpsavgifta gå til å fullføre 3D-kartlegging av sjøområda i Flora. 40 % av sjøarealet i kommunen står att å kartlegge på denne måten – likeeins ein del sjøareal i Askvoll.

Utdjuping mot fullføring

Hamnesjef Erik Svendsen orienterte om aktuelle hamneprosjekt og planar. Utdjupinga av innseglinga og hamna i Florø er noko forseinka, men nærmar seg fullføring. Dette skal markerast i slutten av mai/starten av juni. Innseglinga blir utdjupa til minus 16 meter, og grunner inne på hamna blir skotne ned til minus 12 meter. Det kjem opp nye sjømerke både i innseglinga og inne på hamna. Flora Hamn får overta den gamle Florø lykt, som skal fjernast.

Langs den nordaustre delen av Fugleskjerskaia (kai E) skal ein utdjupe frå minus 5,5 til minus 8  meter inn til ein meter frå kaifronten. Utdjupingsarbeidet starta 25. april og skal vere ferdig midt i juni. Utdjupinga vil gi ca. 3.000 kubikkmeter masse som blir plassert vest for Fjord Base. Ekspressbåtane til og frå Bergen skal bruke kaia under heile anleggsperioden. Prosjektet blir finansiert av Alden hamneområde.

Den nye kaia til Flora Hamn i Botnastranda vart tatt i bruk i februar. Det første året vil hamneselskapet sjølv drive kaia. 

Flytebrygge og fiskerikai

30. april er det anbodsopning for ei ny flytebrygge i sentrum av Florø. Brygga skal gå nordover frå det tidlegare fisketorget, og den får ei lengde på 60 meter. Planen er no at dei to veteranbåtane ”Svanhild” og”Atløy” skal ligge ved nordenden av brygga. Lenger inne skal Flora Hamn KF kunne selje inntil ti båtplassar til privatfolk. Flora Hamn vil prøve å få brygga klar til sommarsesongen.

I statsbudsjettet for 2015 ligg det inne 3,4 millionar kroner til ei ny fiskerikai i Hesteneset. I 2016 vil Flora Hamn få eit statleg tilskot på 3,3 mill. kr. til dette prosjektet. Bygginga kan starte mot slutten av året og vere ferdig hausten 2016. Kaia får ei lengde på 57 meter.

Vêrstasjon på Fugleskjerskaia

Ny terminal med nytt bygg på Fugleskjerskaia er eit stort prosjekt som har tatt lengre tid enn venta. Reguleringsplanen skal godkjennast av Flora bystyre i juni. Krav og ønske frå fylkeskommunen er mykje av årsaka til at prosjektet har tatt tid. I tillegg har ein enno ikkje fått leigetakarar til nybygget.

I juni skal bystyret også ta stilling til planen om ei forlenging av Fugleskjerskaia mot vest med ein pir på 60 meter. Dette prosjektet vil etter planen starte opp i 2016 eller 2017.

På Fugleskjerskaia skal det også komme ein vêrstasjon, etter ønske frå Hurtigruten. Selskapet og skipsførarane i Hurtigruten har spesifisert krava til vêrstasjonen. Den kan auke regulariteten til både Hurtigruten og andre skipsruter. Vêret er ofte annleis inne på Florø hamn enn utanfor.

 Gir nye muligheiter for Florø

Møtedeltakarar frå Westcon Yards og frå Fjord Base orienterte om utbyggingane ved verftet i Florø, og om utviklinga framover når det gjeld trafikken på oljebasen i Florø. Representantar for K. Jansen understreka at utdjupingane og ei forlenging av Fugleskjerskaia vil opne for nye muligheiter når det gjeld å ta inn fartøy til Florø, og nye muligheiter for servicebedriftene i byen.

Vidar Grønnevik avslutta møtet med å orientere om den nye nasjonale hamnestrategien. Hamnene skal no inn att i Nasjonal Transportplan. Styresmaktene vil prioritere hamner som viser at dei er offensive og som er med på samarbeid. Flora Hamn KF skal snart ta til å drøfte den nye hamnestrategien og konkrete tiltak for utvikling av Flora Hamn.

Utdjuping ved Fugleskjerskaia internett
UTDJUPING. I slutten av april starta arbeidet med utdjuping framfor kai E ved Fugleskjersterminalen i Florø.
Begge foto: Magnus Helge Torvanger.