Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Då det skal byggast ny skysstasjon på Fugleskjærskaia søkjer Flora Hamn KF etter PROSJEKTLEIAR

Stillinga er midlertidig eitt år med moglegheit for forlenging.
Næraste overordna er hamnesjef.
Arbeidsstad er Florø.

Oppgåva vert å følgje prosjektet med å bygge ny skysstasjon på Fugleskjærskaia, men også andre pågåande prosjekt i hamna.
Dette inneberer mellom anna:
• Ha ei fullstendig oversikt over alle pågåande byggeprosjekt i hamna og sikre god progresjon i tett dialog med hamnesjef
• Ferdigstille forprosjekt rundt skysstasjonen og jobbe fram gjennomføringa
• Kontaktperson mot fylkeskommunen og kommunen
• Dialog med potensielle leigetakararar og andre samarbeidspartnarar
• Logistikk rundt riving av eksisterande bygg på Fugleskjærskaia og samtidig sikre sikker drift av kaier for passasjertrafikk
• Ansvar for kostnader, tid og kvalitet i prosjekta

Eigenskapar
• Erfaring frå prosjektarbeid
• Utdanning frå teknisk fagskule, bachelor eller master. Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring
• Erfaring frå offentlege anskaffingar og planprosessar er ein fordel
• Kunnskap om plan- og byggingslova, samt byggherreforskrifta
• Strukturert og nøyaktig, med gode gjennomføringsevner. Dette inneber at du må vere både tydelig og tolmodig
• Ha gode kommunikasjonsevner (munnleg og skriftleg) og evna til å lytte
• Utadvent, omgjengelig og samarbeidsvillig
• Sunn HMS-tankegang
• Løysingsorientert, sjølvstendig og trivast i eit lite miljø

Søknadsfrist: 23. juni 2017.
Elektroniks søknadsskjema finn du på www.flora.kommune.no.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med Flora Hamn KF på telefon 57 75 67 40 (Jostein Lange Bergset).