Aktuelt

Vakt 24t : 91 31 80 00

Florø toler godt cruiseturisme og bør ta sin del av cruiseveksten. I sommar kjem berre eitt cruiseskip til Florø. Det hastar å ta Florø tilbake som cruisehamn, sa dagleg leiar Wenny Hansen i reisemålsselskapet Fjordkysten på eit brukarmøte som Flora Hamn KF arrangerte 26. mai.
Boudicca og Voyager 2013 internett
  CRUISETRAFIKK. Cruiseskipa Boudicca og Voyager ved kai i Florø samtidig sommaren 2013.

Etter at Flora Hamn tok iniativet til å arbeide for cruisetrafikk til Florø, har byen hatt besøk av til saman 34 cruiseskip med 16.800 passasjerar. Nokre av skipa som kjem frå Storbritannia har Florø som første stopp i Norge. Men mange fartøy er for store til å legge til kai i Florø sentrum i dag. Frå møtedeltakarar kom det spørsmål om det ikkje er mulig å ta store cruiseskip inn til Fjord Base. Det er oljeindustrien som i dag har førsterett til å bruke den store kaia som Flora Hamn eig der.

Mange prosjekt på gang

Hamnesjef Audun Korneliussen fortalde om planane og prosjekta til Flora Hamn KF. Utdjupinga langs den nordaustre delen av Fugleskjerskaia er ferdig, og prosjektet vart overlevert 23. mai. I september skal Sjøkartverket måle opp området.

Flora Hamn arbeider vidare med nytt bygg og skysstasjon på Fugleskjerskaia og har god dialog med fylkeskommunen om dette. Hamnesjefen håpa at det ikkje vil gå så lenge før ein har ein avtale og kan gå i gang. Bygget blir så stort som det er behov for.

Når det gjeld forlenginga av Fugleskjerskaia mot vest, er Flora Hamn klar med sin reguleringsplan. Hamneselskapet ventar på at Strandapartnarane får ferdig sin reguleringsplan for området, slik at dei to planane kan handsamast samtidig av kommunen.

Flora Hamn har valt entreprenør for bygginga av ny fiskerikai i Hesteneset. Kaia skal vere ferdigstilt til november. Ei utfordring er å få til ei god vegløysing ned til kaia.

Hamneselskapet har fått utvida løyve på ubestemt tid til plassering av den nye flytebrygga i sentrum av Florø. Selskapet har også kjøpt eit nytt landareal i Gunhildvågen.

Ytterlegare utdjuping av innseglinga

Styreleiar Vidar Grønnevik i Flora Hamn KF orienterte om nye hamnesamarbeid med bakgrunn i den nye nasjonale hamnestrategien. For å få meir transport over på sjø, trengst det samarbeid mellom fleire hamner og operatørar av hamner. Flora Hamn og operatørar i Flora er midt oppe i eit arbeid med å gjere hamna meir attraktiv for større godsvolum.

Eit anna prosjekt som har komme opp er ei ytterlegare utdjuping av innseglinga til Florø. Ei utdjuping ned til minus 16 meter var ferdig i 2015. Men riggar tek ikkje risikoen med å gå inn til Florø med 16 meters djupne, også fordi dei ofte er lasta. Westcon har måtte trekke seg frå fleire riggprosjekt på grunn av dette. Verftselskapet har sagt at dei treng 20 meters djupne på innseglinga, og ei arbeidsgruppe jobbar med saka. Ei ny utdjuping kan skje med ordinære midlar over statsbudsjettet, eller med ekstraordinære tiltaksmidlar for Vestlandet, noko som vil kunne løyse prosjektet raskare.

Frå Westcon vart det opplyst at dei også jobbar med å finne plassar for oppjekkbare riggar som står på botnen.

Grønare hamn og utbygging av tømmerkai

Jostein Lange Bergset i Flora Hamn KF orienterte om prosjektet Grønare hamn. Alden Hamneområde har innført ei ordning med miljørabatt i anløpsavgifta. Alt etter miljøsertifisering kan fartøy få 10 % til 50 % rabatt på avgifta. Dei første fire månadene av 2016 fekk anløpande fartøy rabattar på til saman 180.000 kroner.

Gunvar Seljeset frå skogeigarlaget fortalde om tømmerkaia i Eikefjord, som vart bygd på 1980-talet og utvida i 1995. Tremasseproduksjonen skjer no i Tyskland, og fartøya som kjem for å hente tømmer er større enn før. No skal kaia forlengast med 50 meter og tilpassast for å ta mot skip på opptil 250 meters lengde. Eit skjer ligg i vegen for fartøy som skal til kai. Alden Hamneområde og staten har løyvd midlar til å skyte vekk dette skjeret, og utdjupinga er i gang.

Siv Madsen i Fiskebas AS tok opp prisar og vilkår for fiskefartøy som brukar hamna i Florø. Ronny Kjerpeset i K. Jansen rosa dei mange prosjekta for landstraum ved kaier i Flora. Hamnesjefen opplyste at Flora Hamn har tenkt å søke Enova om midlar til landstraumprosjekt også til hausten.

Dette brukarmøtet til Flora Hamn KF var det best besøkte så langt med rundt 30 deltakarar.
Rem Mist ved kai internett
NYLEG UTDJUPA. Offshorefartøyet ”Rem Mist” ved den nordaustre delen av Fugleskjerskaia. Her er nyleg utdjupa til minus 8 meter.
Begge foto: Magnus Helge Torvanger.