Mange tema på haustens brukarmøte

av des 5, 2016

Den nye fiskerikaia i Florø kan vere klar i februar. Kaia i Eikefjord må vere klar til bruk når riksvegen på ny blir stengd. Dette var noko av det som kom fram på brukarmøtet som Flora Hamn KF arrangerte 28. november.

NY FISKERIKAI. Den nye fiskerikaia i Hesteneset under peling 2. desember. På andre sida av vika ligg Langholmen, der Westcon har bygd nye kraftige pullertar for fortøying av riggar.

Konst. hamnesjef Jostein Lange Bergset orienterte innleiingsvis om Flora Hamn KF og Alden Hamneområde, der Flora Hamn er operativ ansvarleg. Han opplyste mellom anna at Flora Hamn har rundt 7.500 skipsanløp årleg og er ansvarleg for vedlikehaldet av 13 rutekaier i Flora kommune. Alden Hamneområde omfattar sju kommunar frå Flora i nord til Hyllestad i sør.

Fiskerikai mot fullføring

Hamnesjefen orienterte vidare om aktuelle planar og prosjekt som Flora Hamn har. Den nye fiskerikaia i Hesteneset er under arbeid og er venta ferdig i februar 2017. I bakkant av kaia blir det ca. to mål med areal. Ny veg ned til kaia er under prosjektering og blir ikkje bygd før neste år.

Nytt bygg på Fugleskjerskaia er godkjent av bystyret. Men trafikkløysinga med inn- og utkøyring er ei utfordring. Flora Hamn jobbar opp mot fylkeskommunen og K. Jansen om planane. Kai E (den nordaustre delen av Fugleskjerskaia) skal fendrast ut ein meter etter utdjupinga som er gjort her. Sjøkartverket skal måle opp området etter utdjupinga.

Når det kjem ein skysstasjon på Fugleskjerskaia, vil det vere naturleg å samle alle taxibåtane i Flora i hamna. Her kjem også ny losbåt om eit år. Flora Hamn vil gjerne ha innspel på korleis hamneområdet ved Fugleskjerskaia bør vere i framtida.

Flora Hamn vil leige ut – og ikkje selje – båtplassar ved den nye flytebrygga i Florø sentrum. I Gunhildvågen er området bak den kommunale kaia asfaltert, og Flora Hamn kan leige ut areal der.

Vil vere transportknutepunkt

Eit hamnesamarbeid mellom selskapa K. Jansen og Saga Fjordbase kom i gang i vår. Tanken er å samordne ressursane og få meir gods over på sjø gjennom meir effektiv drift. Målet er at Florø skal vere eit veksande transportknutepunkt i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld prosjektet Grønare hamn, har 59 miljøvenlege fartøy fått rabatt for til saman 818 anløp pr. 23. november. Samla rabatt utgjer meir enn ein halv milllion kroner. Rabattordninga vil bli vidareført i 2017.

Flora Hamn vil rullere hamneplanen neste år og vil involvere brukarane av hamna i arbeidet med planen.

Ein ny hamnebåt er med i handlingsplanen og budsjettforslaget for 2017 frå administrasjonen i Flora Hamn KF. Hamnebåten skal vere eit tilbod til alle brukarane av hamna.

Elles kunne fung. hamnesjef Jostein Lange Bergset opplyse at ny hamnesjef kan bli tilsett i løpet av desember. Ei prisregulering av avgifter og vederlag vil komme i 2017.

Hamneprisar og rasberedskap

Prisane for å bruke hamnene i Flora var eit tema som kom opp både før og etter at møtedeltakarane fekk ordet. Hamnesjefen synte grafar som samanlikna prisane hos Flora Hamn og Nordfjord Hamn i Måløy med fleire. Oversyna viser at Florø jamt over har fleire skipsanløp enn Ålesund.

Kaiene i Eikefjord var også oppe i møtet. Kaia nærast sentrum i bygda måtte takast i bruk til persontransport då riksveg 5 var stengd av ras 25. november. Kaia bør ryddast og fendrast for å vere klar neste gong vegen blir stengd.

Trygve Ullaland og Ronny Kjerpeset var opptatte av Flora må sikre seg areal som kan dra hit aktivitet. Flora Hamn må ta tak i næringsutviklinga på sjønære areal.

Malvin Horne og Harald Lindvik meinte at det er viktig å vise at Florø også er ein fiskeriby. I Flora kommune ligg førstehandsomsetnaden av oppdrettsfisk og villfanga fisk på rundt ein milliard kroner årleg. 250 mill. kroner av dette er kvitfisk.

Anders Myklebust frå Westcon fortalde at verftet har fått veldig gode tilbakemeldingar frå leiteriggen som var inne til service i sommar. Westcon har no bygd to nye, kraftige pullertar på Langholmen. Verftet har også fått eit mobilt landstraumanlegg, og det fungerer godt.

Kjøp og sal av areal

Styreleiar Vidar Grønnevik i Flora Hamn KF hadde ordet til sist og kommenterte ein del saker. Hamneselskapet har vore aktivt både med kjøp og sal av areal det siste året og har kjøpt nabotomta bak den nye fiskerikaia i Hesteneset. Norske hamner er veldig rimelege å bruke i ein internasjonal samanheng. Endringane i seglingsmønsteret på Fjord Base og nedlegginga av Pelagia-fabrikken i Gunhildvågen vil påverke skips- og konteinertrafikken i Florø. Skal Flora Hamn bruke mykje ressursar på landstraum, må det vere på kaier med ei viss liggetid på fartøya. Styreleiaren trudde ikkje at det var noko meining i å snakke om nye store landstraumanlegg på Fugleskjerskaia før ein større del av flåten kan ta mot landstraum og forholda elles ligg til rette for dette.