Leiterigg til havs att etter to månader i Florø

av sep 18, 2016

Boreriggen «Bideford Dolphin» forlét 13. september Florø med kurs for Statfjord-feltet. Riggen har lege ved Westcon sitt verftsanlegg i Florø sidan førstninga av juli og fått utført vedlikehald. Dette er den første oljeriggen som har komme til kai i Florø på nær tretti år.

Dei fire taubåtane «Stadt Sløvåg», «Stadt Årdal», «Boa Heimdal» og «Boa Balder» stod for jobben med å slepe riggen ut frå kai hos Westcon Yards Florø og ut innseglinga til Florø. Dei to førstnemnde taubåtane tilhøyrer reiarlaget Stadt Sjøtransport i Florø. «Bideford Dolphin» låg deretter nokre timar i Hellefjorden utanfor Florø og lasta om bord utstyr frå Fjord Base.

Riggen skulle etter planen vere på plass på Statfjord-feltet natt til torsdag. Der har riggen ein borekontrakt med Statoil som varer ut januar 2017. Offshorefartøya «Havila Mercury» og «Far Scorpion» tok med seg riggen frå Hellefjorden og ut til feltet.

Riggsjef Morten Haugland seier til Firdaposten at han er svært godt nøgd med opphaldet i Florø. I samarbeid med Westcon har dei nytta tida veldig bra, og både eigne og verftet sine mannskap har gjort ein formidabel jobb med overflatebehandling om bord. Han er svært godt nøgd med både fasiliteter og service hos Westcon Yards Florø.

Satsar på å ta mot riggar

Westcon Yards Florø har den seinare tida jobba med å posisjonere seg for riggmarknaden. Westcon har investert mellom anna i ny stor kran, ny kai og utdjuping utanfor verftsområdet.

Kystverket var i fjor ferdig med eit større prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø til minus 16 meter i ein korridor på 120 meters breidde. Innseglinga er også merka med nye og moderne seglingsmerke. I Florø blir det no arbeidd for å få utdjupa innseglinga til minus 20 meter. Dette er nødvendig for å gjere verftet og byen endå meir konkurransedyktig når det gjeld å ta mot oljeriggar.

Det er nær tretti år sidan den forrige oljeriggen kom til kai ved verftet i Florø. Det var «Treasure Saga», som låg i Florø vinteren 1987/88. I november/desember 1984 låg «Dyvi Delta» i Florø og fekk montert fire nye plattformbein. «Dyvi Delta» var den gangen den største operative boreriggen i verda. Andre riggar var også ved kai her i 1980-åra. Seinare har fleire riggar lege på fjorden utanfor Florø for å få utført diverse arbeid, men ingen av desse har vore til kai.