Gjestehamn

Gjestebrygga

Servicehus

Gjestebrygga

Gjestebrygga i Florø er ei hyggjeleg, god og populær gjestehamn. Gjestebrygga ligg idyllisk til, eit trossekast frå den flotte handlegata Strandgata i den eldste og vestlegaste byen i fylket, Florø. Anlegget er oppgradert og tilbyr alt det du forventar av service og båtstemning. Hamnevertane serverer gjerne frukost og avis på båtkanten! Sjå bilder frå gjestehamna.

Båtar med ulike flagg besøker hamna kvart år for å få med seg arrangement som Himmel og Hav , Sildebordet, Kinnaspelet, Sommarrevy og Våtmoro. Det er mykje å sjå og oppleve i området, du finn informasjon om det meste hos Fjordkysten.

Straumkontakt 16A.

Servicehus

Gjestebrygga i Florø har nytt servicehus frå 2017 som ligg ved sida av Quality hotell.

Servicehuset er utstyrt med kodelås. Koden er på 6 tal og den finn du på kvitteringa.

Fasilitetar:

  • Garderobe damer: to dusjar og to toalett.
  • Garderobe menn: to dusjar og to toalett.
  • Vaskerom med to vaskemaskiner og ein tørketrommel
  • Opphaldsrom med stolar og bord

Vinterleige

Utanfor sesong kan du leige fast plass i gjestebrygga.

Uten langtids kontrakt, gjelder dagspriser.

Les meir om vinterleige på nettsidene til
Florø Parkering.