Flora hamn KF – kven og kva er vi?

Vår visjon

«Knutepunkt vest» – Flora hamn KF skal vere ei attraktiv, profesjonell og framtidsretta hamn med kompetente og løysingsorienterte tilsette. Hamna sine planar og aktivitetar skal vere tufta på omsyn til miljø, klima og bærekraft.

 

Våre verdiar

Trygg, synleg, tett på

 

Våre mål

Flora hamn KF sitt arbeide er delt opp i fire områder:

  • HMS og medarbeidarar: Sikkert arbeid, kompetente og engasjerte medarbeidarar. 
  • Berekraft: Miljø og samfunnsansvar. 
  • Forretning: Effektiv og lønnsam infrastruktur.
  • Forvaltning: Synleg, enkel og informativ.

 

 

HMS og medarbeidarar: Sikkert arbeid, kompetente og engasjerte medarbeidarar

Dei tilsette i Flora hamn KF skal ha ein trygg arbeidsplass og alltid komme heim frå jobb med minst like god helse som når dei kjem på jobb. Brukarane av hamna skal oppleve Flora hamn som ei trygg og sikker hamn der det er lagt rette for sikre og effektive arbeidsoperasjonar utan skade på personell, miljø og utstyr. HMS skal prioriterast på linje med forvaltning, forretning og bærekraft, og der desse kjem i konflikt stillar HMS alltid først.

 

 

Berekraft: Miljø og samfunnsansvar

Flora hamn KF skal vere ein pådrivar for meir miljøvenleg transport, og meir gods på sjø. Flora hamn KF skal i tillegg vere ein pådrivar og tilretteleggar for nye framtidige energibærarar og transportløysingar.

 

 

Forvaltning: Synleg, enkel og informativ

Flora hamn KF er kommunen sitt hamnefaglege organ og skal ta hand om dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som er lagt til kommunen etter hamne- og farvasslova, og føresegner gitt i medhald av lova. Flora hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta i Alden hamneområde, som inkluderer sikring av tryggleiken i farvatna i dei sju medlemskommunane (Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal).

Forvaltningsarbeidet til Flora hamn KF inneberer å vere synleg, enkel og informativ. 

 

 

Forretning: Effektiv og lønnsam infrastruktur

Flora hamn KF skal vere ei drivkraft i utviklinga av kystregionen som vekstområde, og vere det viktigaste transportknutepunktet mellom Ålesund og Bergen, og innfallsporten til resten av fylket.

 

 

Flora hamn KF sin handlingsplan for 2019 finn du her: Handlingsplan 2019

Flora hamn KF si årsmelding for 2018 finn du her: Årsmelding Flora hamn KF 2018

Alden hamneområde si årsmelding for 2018 finn du her: Årsmelding Alden hamneområde 2018