Desemberbrevet 2018

av

DESEMBERBREVET 2018

I samband med brukarmøtet 10 desember lanserer Flora hamn KF kvartalsvise nyhetsbrev. Det vert desemberbrevet (i samband med brukarmøte), marsbrevet, junibrevet (i samband med brukarmøte) og septemberbrevet. Målet er å gje ein kort staus om noko av det som skjer i hamna, som eit supplement til brukarmøtene våre. Innhaldet vil variere, men om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å gje oss ei tilbakemelding.

 

Kollektivterminal og nytt kontorbygg på Fugleskjærkaia
Arbeidet med ny kollektivterminal og nytt kontorbygg på Fugleskjærkaia pågår for fullt. Her er det mykje godt arbeid som vert gjort som ikkje er fysisk synleg, for å sikre framgang og god progresjon. Det viktigaste er utarbeiding av anbodsgrunnlaget, og her er det mykje å tenke på. Vi har hatt ein dialogkonferanse i oktober med potensielle entreprenørar og leverandørar, der dagleg drift under byggeperioden var eit tema mange var engasjert i. Her er det mykje som skal henge i hop, som straumtilførselen til ferjebruene, av- og påstigning for skuleborn som kjem med båten, og korleis skal ein få levert varer og gods til øyane. Her er fylkeskommunen og aktørane på kaia, som Florø Skyssbåter, K.Jansen, Norled, Fjord 1, Firda Billag med fleire, heilt sentralt og involvert. Vi må sette klare rammer i anbodet som skal lysast ut, slik at vi får ein god og trygg byggeperiode, utan at dei manglar brød på lokalbutikken i øyane eller ikkje får levert sau til slakting. Målet er å få anbodet lyst ut på Doffin tidleg 2019, også er det noko leveringsfristar og klagefristar som avgjer kortid byggestart er. Vi skal vere i gang i 2019.

Gyda Folkedal som var tilsett som prosjektleiar for eit år har gjort ein god jobb. Vi fekk dessverre ikkje ha ho lenger enn ut oktober, då ho skulle tilbake i si faste stilling, men 3. desember startar Andrea Bjørkaas Hall som ny prosjektleiar. Andrea har erfaring frå både offentleg og privat verksemd, og vi er trygg på at ho skal få lost prosjektet i hamn på ein god måte. For tida har vi også leigd inn Jeiki frå Flora kommune for å hjelpe oss med konkurransegrunnlaget og ein del anna som han er skikkelig god på, i tillegg til at alle andre som arbeidar i hamna er involvert og arbeider godt med prosjektet der det trengs. 300 000 passasjerar i året skal til og frå på eit lite område, her må logistikken vere på plass. Vi gledar oss til byggestart, dette vert eit løft!

 

Hamneplan og disponering av areal
Arbeidet med hamneplanen held fram for fullt. Her er det mange gode diskusjonar internt med administrasjon og styret, og vi er trygg på å levere ein god, konkret og kortfatta plan. Dette er forventa ferdigstilt tidleg 2019. Eit viktig del av dette arbeidet er revidert sentrumsplan 2018-2022, som vart vedtatt i bystyret seint i haust. Den legg ein del føringar på disponering av areal og områder. Mellom anna har det lenge stått at containerterminalen skal flyttast på sikt, no står det at det skal gjerast innan utgangen av planperioden noko som gjer oss nok meir konkret å planlegge etter.

Når det gjeld områda vi er tilstade på, som Gunhildvågen, Fugleskjærkaia og hamnebassenget i Florø sentrum, Hesteneset og Botnastranda opplever vi no ein heilt anna optimisme i aktivitet og framtidsutsikter. Det gjer også at planane for områda vert endra når vi ser det er nødvendig, då det er viktig med god dynamikk for utvikling.

 

Miljø og bærekraft
Flora hamn KF legg opp til ei tydelegare miljøsatsing enn det som var før. Den gamle hamneplanen frå 2006 nemnte knapt nok miljø, no har det ein heilt sentral rolle i strategiarbeidet vårt. Dette må henge saman med kommersialiseringa av hamna, då vi er brukarfinansiert og brukarane forventar rett bruk av pengane. Dvs at miljøinvesterinar må svare seg.

Miljørabatt på anløpsavgift (ESI- Enviromental Ship Index) er vedtatt å halde fram i 2019. Vi har i tillegg bestilt inn ein PortBin, som skal samle inn boss som flyt i hamnebassenget. Denne har Bergen havn prøvd med stort hell, og no prøver vi det same i Florø ved gjestebrygga. Når det gjeld landstraum hadde vi ein ambisjon å vere med på søknadsrunden til Enova som hadde frist i haust. Der vart det lagt ned eit godt stykke arbeid, men sjølv med økonomisk støtte klarte vi ikkje å få prosjektet til å svare seg. Enova har strenge krav til dokumentasjon av eksisterande trafikkgrunnlag og utrekning av effekt per investerte krone, og vi kan ikkje søke om midlar til dømes på nye prosjekt som fiskerikaia. Vi har difor hyrt i hjelp for å hjelpe oss med søknaden, strategival på skipstypar og å laga eit betre forretningsmodell, for i neste runde (våren 2019) må vi vere med!

Elles har vi stort fokus på miljø, berekraft og framtidige energibærarar. Er det batteri, hydrogen, LNG eller biodiesel som vil vere viktig framover? Korleis vil fordelinga dei i mellom vere, og dukker det opp noko heilt nytt? Og kva er vår rolle som offentleg hamn, kven har ansvar for energitilførselen? For å tileigne oss god kunnskap er vi med i ulike nettverk og prosjekt. Her vil eg nemne Grønt Kystfartsprogram (styrt av DNV-GL) som ei viktig kjelde for både kunnskap og nettverk. Her føl vi to pilotar. Ein er miljørabatt for skip til kai som Bergen havn leiar. Dei kallar det EPI (Enviromental Port Index) som skal vere eit supplement til ESI- rabatten. EPI vil vere for kailigge (kaivederlag) mens ESI gjeld for ferdsel i farvatnet (anløpsavgift). Bergen havn har innført dette allereie i regulativet for 2019, og ein del av piloten er å evaluere effekten av dette. EPI vil gje rabatt for miljøvenleg kai ligge (hovudsakleg mynta på cruise), men samtidig gje dyrare kai ligge for dei mindre miljøvenlege skipa. Vi følger i tillegg Equinor sin pilot på hydrogeninfrastruktur frå sjø. I sommar vart vi i tillegg tildelt klimasatsmidlar til eit prosjekt vi er med på som gjeld «Trygg hydrogeninfrastruktur i hamn». Dette er leia av Hordaland Fylkeskommune, der Bergen havn og Flora hamn er deltakarar.

 

Ringverknadsanalyse
Flora hamn KF har våren og sommaren 2018 fått gjennomført ei ringverknadsanalyse som både tek for seg ringverknadane av den offentlege hamnedrifta til Flora hamn KF og dei totale ringverknadane av hamneverksemd (privat og offentleg) i Florø, frå Gunhildvågen til Botnastranda. Resultata seier absolutt noko om kor viktig hamneverksemda er for Florø (alle tala er basert på 2017-aktivitet).
Hamneverksemd i Florø sysselsetter direkte og indirekte 2 015 årsverk i Florø, noko som utgjer 42 % av totale sysselsettinga i Flora kommune. Av dette er 1 183 årsverk direkte knyta til hamneverksemd.

Næringsaktivitet direkte og indirekte tilknytt hamneaktivitet i Florø har ein total omsetning på 4,6 mrd. kr, der 3,6 mrd. kr er direkte tilknytt hamneverksemd. Dette gir igjen ei verdiskaping (lønn + overskot) på 1,6 mrd. kr, der 1,1 mrd. kr er direkte knyta til hamneaktiviteten. Skatteeffekten utgjer 188 mill. kr, der 116 mill. kr er direkte tilknytt hamneaktiviteter. Dette er 58% av skattegrunnlaget til kommunen.

Hamneaktivitet på dei offentlege kaiene sysselsetter direkte og indirekte 423 årsverk, der 248 av dei er direkte tilknytt hamneaktivitet på offentleg kai. Aktivitet direkte og indirekte tilknytt dei offentlege kaiene gir ein omsetning på 788 mill. kr, der 606 mill. kr er direkte tilknytt den aktiviteten. I verdiskaping utgjer dette 284 mill. kr, der 187 mill. kr er direkte tilknytt dei offentlege kaiene. Samla skatteeffekt vert på 36 mill. kr.

Analysen er utført av Gemba Seafood Consulting og du finn den i heilhet på heimesidene våre.

 

Hamner i Kinn kommune
Det er ikkje avgjort kva som skjer med offentleg hamneverksemd i Kinn kommune. Nordfjord havn IKS og Flora hamn KF involverer fem deltakarkommunar. Tek ein med Alden hamneområde tel det 11 deltakarkommunar, der seks av kommunane er i ein samanslåingsprosess (kommande Stadt kommune, Kinn kommune og Sunnfjord kommune). Dette er ikkje beint fram, og det er no lagt opp til at eigarane av hamnene (ordførarane) må finne ut kva dei vil med hamnene sine. Deretter kan ein finne ut korleis ein best kan organisere dette.

 

Forvaltning og kommunikasjon
Den nye hamnebåten som vi har bestilt vert bygd på Hemnes og levert medio januar. Når den er på plass har vi eit betre arbeidsreiskap og er meir sjølvhjulpen når det gjeld oppdrag i farvatnet.

Vi har i tillegg i haust laga oss ein kommunikasjonsplan som seier noko om kor raskt ein vert følgt opp når ein tek kontakt, kor raskt vi skal handsame saker etter hamne- og farvasslova og kva plattformar vi skal vere på når det gjeld kommunikasjon. Heimesida vår er vidareutvikla når det gjeld informasjon som er relevant for forvaltninga m.m., og målet er at det alltid skal vere oppdatert og relevant informasjon på heimesidene våre som skal vere lett å finne. Vi har også valt å ha nøytral informasjon, utan reklame. Vi har planar om å betre heimesidene ytterlegare i 2019, med meir informasjon om kaiene våre (med teikningar og mål), betre informasjon om tilgjengeleg servicetilbod, og litt anna som vi har på blokka. Om det er noko de saknar eller har ønskje om er det berre å gje ei tilbakemelding.

Dette var nokre drypp frå kvardagen i hamna. Ha ei riktig fin desembertid!

Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef