Den nye arbeidsbåten vår treng namn – no treng vi hjelp av deg

av

Vi starter året med å be om hjelp til å finne namn på den nye arbeidsbåten vår som skal nyttast i Flora hamn og Alden hamneområde (kommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal, i tillegg til Flora).

Vi treng hjelp til å finne eit godt namn, helst med tilknyting til området. Namneforslaget bør vere grunna, kvifor namnet er viktig, symboliserer, historisk, fint osv. Vi har satt eit atterhald om at Kinn ikkje skal være inkludert i namnet, då det er litt for mange forlis med tidlegare skip som heitte Kinn (takk for tipset, Malvin Horne). Vel vi ut namnet som du har valt gjer vi deg ein oppblåsbar flytevest med Flora hamn KF logo. Er det fleire som foreslår same namn trekker vi ein vinner blant desse.

Frist for innspel er 18 januar, og namneforslag kan sendast inn som melding på facebook eller å nytte hamn@flora.kommune.no.

Lykke til!