Alden hamneområde

Samarbeid for å styrke tryggleiken på sjøen

Alden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord; Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal.

Kart

Alden Hamneoråde

Sunnfjord Hamn

Brosjyre

Arbeidet er organisert som eit § 27-samarbeid, som skal sikre at kommunane får oppfylt sine krav, samstundes som ein får utnytta stordriftsfordelane og spisskompetansen som finnast. Samarbeidet i Alden vil sikre beredskapen og trygge farvatna i dei medverkande kommunane.

Det felles hamnerådet for kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal har ansvar for eit viktig og krevjande arbeid. Kommunane har gjennom lovendring fått ansvaret for tryggleiken i eige farvatn, og desse utfordringane skal vi løyse i fellesskap.

Kommunane går saman og nyttar seg av kunnskapane og erfaringane som Flora hamn KF allereie har, Flora hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta.

Gjeldande avgiftsregulativ og sakshandsamingsgebyr finn du under menyen Forvaltning